• Bedrift
    Rauma kommune
  • Søknadsfrist
    06.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Måndalen
    RAUMA
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5015929
  • Se her for andre jobber fra Rauma kommune
  • Oppdatert 16.02.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Rauma kommune

Avdelingsleiar 100% stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Stilling
Avdelingsleiar, 100% fast stilling. Stillinga er delt mellom leiaroppgåver og undervisning.

Arbeidsstad
Måndalen skule er ein heilt ny skule med moderne fasilitetar for både læring, leik og utvikling. Skulen ligg i hjartet av bygda og i naturskjønne omgjevnadar der fjord og fjell byr på unike moglegheiter for læring i friluft i nærområdet, samt for aktivitetar på fritida. Måndalen skule er ein barne- og ungdomsskule som har 86 elevar, samt skulefritidsordning (SFO) med 24 born. Skulen har eit samla personale på 18 tilsette. Måndalen skule har nynorsk som hovudmål.

Satsingsområde for skulen er
1. Fagfornyinga
2. Berekraftig utvikling
3. Digital kompetanse
4. Forsterka tverrfagleg fokus og praktisk tilnærming til opplæringstilbodet

Arbeidsoppgåver
I skulen si leiargruppe inngår rektor, avdelingsleiar og SFO-leiar. Leiargruppa arbeider i team, tek eit totalansvar for skulen og fordeler arbeidsoppgåvene mellom seg.

Som avdelingsleiar

  • leier du pedagogisk utviklingsarbeid saman med rektor
  • planlegg du timeplanar, inspeksjon og rombruk
  • sørgjer du for vikarhandtering
  • leier du digitaliseringa ved skulen og tar ansvar for ulike fagsystem som t.d. Visma og Conexus
  • deltek du i arbeidet med å koordinere spesialpedagogiske tenester ved skulen
  • samarbeider du med PPT og andre samarbeidspartnarar i skulen
  • deltek du i og leier møter internt og eksternt
  • planlegg og gjennomfører du fellesaktivitetar for elevane
  • utarbeider du aktivitetsplan i samsvar årshjul for hovudtrinna
  • deltek du i planlegginga av eksamen, nasjonale prøver og brukarundersøkingar
  • rapporterer du til GSI, i samråd med rektor
  • deltek du i oppfølging av HMS, driftssaker etc.
  • fakturer og bidreg i oppfølging av økonomi i lag med rektor
  • rapporterer du til rektor

Stillinga er tillagt 50% undervisning (vil kunne variere).

Kvalifikasjonskrav

  • Formell undervisningskompetanse
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg. Søkarar frå land utanfor Skandinavia må som eit minimum ha bestått norskprøve på B2
  • Digitale ferdigheiter 

Ønske om 

  • Leiarkvalifikasjonar og/eller leiarerfaring
  • Du har gode kunnskapar om fagfornyinga og undervisningspraksis
  • Kompetanse i og erfaring med systematisk arbeid med klasseleiing, skulemiljø og opplæringslova § 9A (elevane sitt skulemiljø)
  • IT (pedagogisk og teknisk kompetanse)
  • Undervisningskompetanse i grunnskulefag

Personlege eigenskaper

  • Du er ein reflektert og samfunnsorientert leiar med eit positivt menneskesyn, og du er genuint oppteken av skuleutvikling
  • Du er ein aktiv bidragsytar og hands-on i skulens leiing og i skulens utviklingsarbeid
  • Du følgjer opp personalet i det daglege arbeidet og gir tilbakemeldingar, råd og rettleiing
  • Du realiserer planar og følgjer opp mål som er sett for tenesteområdet
  • Du sørger for, i samråd med rektor, at skulen er bemanna med rett kompetanse, og at medarbeidarar får nødvendig opplæring for å kunne gjere ein god jobb
  • Du sikrar heilskaplege og tverrfaglege løysingar
  • Du er kreativ og løysingsorientert når uforutsette situasjonar krev dette

Personleg eigenskapar for stillinga vil bli sterkt vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande og interessant leiarstilling med utviklingspotensial
  • Eit arbeidsmiljø som er prega av yrkesstoltheit, engasjement, humor, omsorg og «god tone»
  • Eit stabilt og kompetent personale som er fleksible
  • Moglegheit for å bli prioritert til skoleleiarutdanning gjennom den statlege ordninga «Kompetanse for kvalitet»

Tilsetting
Tilsetting skjer i medhald av gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, mellom anna medlemsskap i pensjonsordning. Avløning etter sentral hovudtariffavtale.

Politiattest
Ved tilsetting må gyldig politiattest leggjast fram, jf. opplæringslova § 10-9, første og andre ledd, og politiregisterlova § 39. Politiattesten må ikkje vere eldre enn 3 månader.

Søknad 
Rauma kommune tar berre imot elektroniske søknader. Søkarvegleiing:  https://www.rauma.kommune.no/om-kommunen/ledige-stillinger/sokerveiledning/ eller personal@rauma.kommune.no.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer/oppdaterer din CV med utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF-format.
Vær oppmerksam på at opplysingar om søkar kan bli offentleggjort sjølv om søkar har bedt om å ikkje bli ført opp på søkarlista.

 

  • Bedrift
    Rauma kommune
  • Søknadsfrist
    06.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Måndalen
    RAUMA
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5015929
  • Se her for andre jobber fra Rauma kommune
  • Oppdatert 16.02.2023