• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    23.05.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5183452
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 10.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Avdelingsleiar 100 % fast – Toftøy skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter, med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfte fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om  vere ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Våre verdiar:

Stolt - På lag - Modig - Med glød

 

Om avdelinga:

Toftøy skule er ein barneskule med 147 elevar og 23 tilsette. Våre satsingsområde dette året har vore lesing, skulemiljø og digital ferdigheiter. Toftøy skule ligg på øya Toftøy i nordre del av Øygarden,  ca 35 minutt køyring frå Bergen.

Arbeidsoppgåver:

  • Avdelingsleiar vil vere aktiv del i skulen sitt leiarteam, og delta i utviklinga av skulen.
  • Leiing av lærings- og utviklingsarbeid.
  • Administrative oppgåver og oppfølging knytt til spesialpedagogisk og sosialpedagogiske arbeid på skulen
  • Personalansvar
  • Inntil 50 % undervisning.

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Godkjent lærarutdanning
  • Undervisningskompetanse frå barneskule
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • Skuleleiarutdanning eller ønskje om å ta vidareutdanning i skuleleiing
  • Erfaring med utviklingsarbeid
  • Spesialpedagogisk kompetanse
  • Kompetanse i rettleiing

Vi ønskjer ein avdelingsleiar som:

  • Tek vare på og vidareutviklar det gode lærings- og arbeidsmiljøet på skulen
  • Er ein god relasjonsbyggar
  • Ser på dei tilsette som ressursar
  • Har gode evner til å samarbeide, lytte, rettleie og inspirere
  • Er strukturert, løysningsorientert og ansvarsbevisst

 Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

 Kontakt:

Elisabeth Strandtun, rektor Toftøy skule, 41 45 91 74

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

 

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    23.05.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5183452
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 10.05.2023