Detaljer

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    01.11.2020
  • Sted:
    STRAUME
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STRAUME
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3225504
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune

Avdelingsleiar 100% fast spesialavdelinga - Hjelteryggen skule

Arbeidsoppgåver:

  • Tett samarbeid med rektor, leiargruppa og andre tilsette
  • Leie spesialavdelinga ved skulen
  • Det ligg omlag 30% undervisning til stillinga
  • Legge til rette for, og ta initiativ til eit godt samarbeid mellom heim og skule
  • Personal- og elevansvar på spesialavdelinga
  • Samarbeide tverrfagleg med interne og eksterne tenester
  • Leie og delta aktivt i lærings- og utviklingsarbeid ved skulen

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Lærar med spesialpedagogisk utdanning eller anna relevant utdanning
  • Erfaring frå undervisning med born med spesielle behov

Ønskjeleg med:

  • Leiarerfaring og utdanning i skuleleiing 

Personlege eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar
  • Evne til å jobbe effektivt, strukturert og systematisk
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner
  • God arbeidskapasitet
  • Fleksibel
  • God evne til å bygge relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
  • Evne til å skape eit trygt og motiverande læringsmiljø for elevar og tilsette
  • God evne til å løyse komplekse utfordringar

Å væra personleg eigna vil bli særskild vektlagt

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.