• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    21.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4704794
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Avdelingsleiar 100% fast - Rus og Psykisk helse sone sør

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Rus og psykisk helse sone sør gjev tenester til mennesker med rus eller psykiske utfordringar som har behov for helse og omsorgstenester.

Vi består av avdelingane:

Oppfølgingstenesta som gjer tenester på dagtid i brukars heim eller på kontor. Tenestene dei tilbyr er psykisk helsehjelp, praktisk hjelp/opplæring eller veiledningsamtaler. Lokaler på kommunedelsenter skogsskifte. 

Hidlamyra butilbod som er psykiatribustader med heildøgns bemanning. Bebuarane får tenester etter enkeltvedtak. Dagsenter ligg også organisert under denne avdelinga og er åpen 2 dager i veka. Lokalisert i skogsskifte.

Tunet som er bustader for rusavhengige med heildøgns bemanning. Bebuarane får tenester etter enkeltvedtak. Kommunal øyeblikkelig hjelp seng er organisert i same avdeling og på same lokasjon. Lokalisert på Klokkarvik. Dei tilsette her jobber ambulant og følger opp brukarar som har tildelt tenester frå denne avdelinga i heile sone sør.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Dagleg drift og fagansvar for aktuelle avdelingar
  • Personaloppfølging, sjukefraværsoppfølging. Nærversarbeid

  •  

    Turnusplanlegging i årsplan
  • Kvalitetsarbeid og utviklingsarbeid
  • Avvikshandtering
  • Rekruttering og opplæring
  • Veiledning av tilsette

 

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Autorisert sjukepleiar eller vernepleiar

Ønskjeleg med:

  • God kjennskap til brukargruppa og fagfeltet
  • Relevant videreutdanning
  • Leiarerfaring
  • Erfaring frå kommunalt arbeid med brukergruppa, god kjennskap til Helse- og omsorgstenesteloven (inkludert kapittel 9 og 10)
  • Kjennskap til visma ressursstyring og fagsystemet cosdoc

Personlege eigenskapar:

  • God samarbeidskompetanse og relasjonskompetanse
  • Trygg, positiv, raus og løysningsorientert
  • Relasjonelt mot
  • Motivert til å fylle ei spennande leiarrolle
  • Høg arbeidskapasitet

Anna:

  • Må ha førarkort og diponere bil
  • God skriftleg og munnleg norskkunnskap

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    21.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4704794
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune