• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    31.07.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3002090
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 26.06.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Avdelingsleiar 100% fast - Kolltveit skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Avdelingsleiar 100% fast – Kolltveit skule

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Kolltveit skule er ein tradisjonsrik skule på Sotra. Vi legg vekt på fellesskap og læring i eit trygt miljø for alle. Mellomtrinnet er digitale klasser. Skulen er med læringsmiljøprosjektet i regi av Udir, og Erasmus +-prosjektet: Seaways; Pathways to international learning.

Skulen har 254 elevar og 45 tilsette.

Avdelingsleiarane inngår i skulen sitt leiarteam, saman med rektor og SFO-leiar som skal drifte og utvikle skulen.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Aktiv deltaking i skulen sitt leiarteam
  • Ansvar og leiing av det faglege og pedagogiske arbeidet på mellomtrinnet
  • Spesialpedagogisk ansvar
  • Skuleutvikling
  • Systemoppfølging
  • Vikararbeid i periodar
  • Stillinga er tillagt 50% undervisning

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet
  • Formell undervisningskompetanse
  • Erfaring frå undervisning i grunnskulen

 

Ønskjeleg med:

  • Skuleleiarutdanning
  • Erfaring som leiar
  • Kunnskap og erfaring med spesialpedagogisk arbeid
  • Kunnskap og erfaring med skuleutvikling og kulturbygging
  • God digital kompetanse
  • Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt

 

 

 

 

 

Eigenskapar:

  • Strukturert, ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • Høg arbeidskapasitet
  • Høg personleg og profesjonell integritet
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God relasjonskompetanse
  • Kvalitetsbevisst og fagleg oppdatert
  • Lojal til skulens verdiar og mål

 

Vi tilbyr:

  • Vere med å vidareutvikle ein spennande skule i tråd med fagfornying og skulen sine tradisjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte, kunnskapsrike og trivelege kollegaer
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter avtale
  • Frå løna blir det trekt 2% innskot til pensjonsordning

 

Kontakt:

Karin Haugen, rektor Kolltveit skule, 55097600/ 92453519.

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    31.07.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3002090
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 26.06.2020