• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    21.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4690474
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
Ledig stilling

Alver kommune

Avdelingsleiar - 100 % fast, Knarvik sjukeheim, avdeling 1

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga
Vi har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar ved Knarvik sjukeheim, avdeling 1. 

Om Knarvik sjukeheim, avdeling 1

Knarvik sjukeheim avdeling 1 har 29 langtidsplassar, og ligg sentralt til i Knarvik sentrum. Hos oss finn du eit godt tverrfagleg team av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Avdelinga har årsturnus og fokus på heiltidskultur. Avdelingsleiarane og tenesteleiar er med i sjukeheimstenesta sitt leiarteam som jobbar tett saman for å gje gode tenester til brukarane.

Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar har heilskapleg leiaransvar for avdelinga. Som leiar har du ansvar for dagleg leiing, drift og kvalitetssikring av tenestene på avdelinga. Du har og ansvar for oppfølging, ivaretaking og rettleiing av dei tilsette på avdelinga.

• Personalansvar for dei tilsette i avdelinga
• Fagansvar med fokus på kvalitet på tenesta
• HMS ansvar
• Økonomiansvar innafor gjeldande ramme
• Delta i strategisk arbeid og utvikling i avdelinga og tenesta
• Fremje bruk av velferdsteknologi og digitalisering for både tilsette og brukar
• Leggje til rette for godt samarbeid med andre tenesteområde og sektorer, pårørande og andre samarbeidspartar

Kompetansekrav
• Offentlig godkjent sjukepleier
• Leiarerfaring frå offentleg sektor eller anna relevant verksemd

I tillegg ønskjer vi at du har:
• Vidareutdanning innan organisasjon/leiing
• Erfaring med turnusarbeid
• God økonomiforståing

Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter ein avdelingsleiar som har gode kommunikasjonsevner og som har evne til tydeleg formidling både skriftleg og munnleg. Du er strukturert, har stor arbeidskapasitet og trivst i ein travel og tidvis uforutsigbar arbeidskvardag. Du er ein god relasjonsbyggar og legg tilrette for eit godt samarbeidsklima internt på avdelinga, men og med eksterne samarbeidspartnare.

Vi tilbyr
Løn etter avtale
Pensjonsordning i KLP
Ein spanande jobb i ein relativt ny orgnaisasjon
Ei leiargruppe som samarbeider, støtter og utfordrar kvarandre

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav til tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    21.08.2022
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4690474
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune