Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
10.04.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5659574Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Avdelingsleiar 100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Like sør for Skogsskiftet, og like bak Sotra vidaregåande skule avd. Sund ligg Skogsvåg skule. Der ligg den, fint mellom bakkar og berg, med Sundhallen og Skogsvåg stadion som næraste nabo. Frå skulen er det kort veg til toppen Storaskjenet og til sjøen i Kvalvågen.
Skulen har rike tradisjonar og historikk knytt til song og musikk, til kystkultur og til det som rører seg i lokalmiljøet. Vi har nyleg blitt godkjent som dysleksivenleg skule, og har mellom anna lesing som satsingsområde.
Inneverande skuleår har vi 240 elevar inkludert elevar i innføringsklasse, og 40 tilsette. Vi ser no etter vår nye avdelingsleiar som skal inngå i skulen sitt leiarteam.
Aktiv deltaking i skulen sitt leiarteam
Ansvar og leiing av det faglege og pedagogiske arbeidet på 5.-7.trinn
Personalansvar
Systemoppfølging
Skuleutvikling
Stillinga er tillagt 40% undervisning
Relevant utdanning frå høgskule eller universitet
Formell undervisningskompetanse 1.-7.trinn eller 5.-7.trinn
Erfaring frå undervisning i grunnskulen
Erfaring med utviklingsarbeid
Erfaring i psykososialt- og spesialpedagogisk arbeid
Kunnskap om og erfaring med skuleutvikling og kulturbygging
God digital kompetanse
Skuleleiarutdanning
- Strukturert, ansvarsbevisst og sjølvstendig
Høg arbeidskapasitet
Høg personleg og profesjonell integritet
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
God relasjonskompetanse
Kvalitetsbevisst og fagleg oppdatert
Lojal til skulens verdiar og mål
- Heimeside: skogsvaag.skule.no
- Adresse: Finkelhølsvegen 44, 5382 Skogsvåg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
IA-bedrift
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Interessante utfordringar
Høve til fagleg og personleg utvikling
Lena Merethe Fjeldstad, rektor Skogsvåg skule, tlf.92809228 - 56122522, e-post: lena.fjeldstad@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
10.04.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5659574Se her for andre jobber fra Øygarden kommune