Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Avdelingsleiar 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. 
 
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. 

Ledig stilling frå 1.8.2024 

Om avdelinga: 

Ulveset skule er ein barneskule med 230 elevar og 35 tilsette. Våre satsingsområde er lesing og trygt og godt læringsmiljø.   

Ulveset skule ligg vest på Sotra, ca 30 minutt køyring til Bergen sentrum. 

Arbeidsoppgåver: 
  • Avdelingsleiar vil vere ein del av skulen sitt leiarteam, og ha eit særleg ansvar for 5.-7. trinn 

  • Leiing av skulen sitt utviklingsarbeidet saman med resten av skulens leiing 

  • Administrative oppgåver knytt til dagleg drift, og oppfølging knytt til spesialpedagogisk og sosialpedagogisk arbeid på skulen 

  • Samarbeid med føresette og andre aktuelle samarbeidspartnar 

  • Stillinga er tillagt 40% undervisning 

  • Vikararbeid 

Kvalifikasjonar:  
Må ha: 
  • Godkjent undervisningskompetanse for å undervise i grunnskulen 

  • Erfaring frå undervisning i grunnskulen 

  • Vilje til å ta vidareutdanning i skuleleiing 

  • Evne til å prioritere mellom oppgåver som må løysast her og no samstundes som du klarar å vere strukturert og halde i langsiktige oppgåver som er våre felles prioriteringar 

  • Evne til å handtere travle dagar 

  • God IKT kompetanse 

  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg 

Ønskjeleg med: 
  • Skuleleiarutdanning 

  • Erfaring med utviklingsarbeid 

  • Erfaring som skuleleiar 

Personlege eigenskapar: 
  • Har fagleg tyngde, viser omsorg, er open og trygg i di rolle og taklar utfordrande situasjonar 

  • Er ein god relasjonsbyggar 

  • Er positiv, engasjert, nysgjerrig og har pågangsmot 

  • God på organisering og systemarbeid, er strukturert, ansvarsbevisst og sjølvstendig 

  • Har høg arbeidskapasitet 

  • Tar vare på og vidareutvikle det gode lærings- og arbeidsmiljøet på skulen 

  • Har gode evner til å samarbeide, lytte, rettleie og inspirere 

  • Personleg eigenskap vil vere avgjerande 

Vi tilbyr: 
  • Ei spanande mellomleiarstilling i ein skule med godt arbeidsmiljø, høg trivsel og eit personale som vil kvarandre vel 

  • Gratis kaffe på jobb 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • IA-bedrift 

  • Motiverte, kunnskapsrike og trivelege kollegaer 

  • Høve til fagleg og personleg utvikling 

Kontakt: 

Cecilie Mikkelsen Dahl, rektor Ulveset skule, telefon: 48296987, epost: cecilie.dahl@oygarden.kommune.no