Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Nasjonalbiblioteket

Avdelingsdirektør - kulturformidling og informasjon

Offentlige tjenester og forvaltning

Nasjonalbiblioteket er eit multimedialt kunnskapssenter som har i oppgåve å ta vare på og gjere den norske kunnskaps- og kulturarven tilgjengeleg. Det vil seie publisert innhald på alle medieplattformer: bøker, tidsskrift, aviser, musikk, film, foto, kringkasting og nett. Basert på dette, og i rolla som statleg styresmakt, har Nasjonalbiblioteket også som oppdrag å utvikle og setje i verk ein nasjonal bibliotekpolitikk.

Med multimedialt innhald og digital formidling som særtrekk har Nasjonalbiblioteket som mål å vere eit av Europas mest spennande og moderne nasjonalbibliotek.

Nasjonalbiblioteket har 535 tilsette plassert i Oslo og Mo i Rana og eit budsjett på rundt 600 mill kr.

Som medarbeidar i Nasjonalbiblioteket får du vere med i prosessen med å forme ein sentral kulturinstitusjon i byrjinga av det 21. århundre.


Avdelingsdirektør - kulturformidling og informasjon
Nasjonalbiblioteket er inne i ei spennande utvikling der vi hentar den norske kultur- og kunnskapsarven inn i samtidas offentlege rom. Dette skjer gjennom eit veksande digitalt bibliotek, ei aktiv publiseringsverksemd og eit omfattande publikums- og utstillingsprogram i lokala våre på Solli plass i Oslo. Samstundes aukar Nasjonalbiblioteket innsatsen på forsking og den forskingsbaserte formidlinga.


Til å leie avdeling for kulturformidling og informasjon, lyser vi no ut stilling som avdelingsdirektør.


Avdelinga har ansvar for Nasjonalbibliotekets formidlingsprogram, publiseringsverksemd, utstillingsprogram og informasjons- og pressearbeid, og har eit tyvetals medarbeidarar. Nasjonalbiblioteket er inne i ein fase med aukande satsing på desse områda og vi søkjer ein avdelingsdirektør som har kunnskap, erfaring og ambisjonar om å setje sitt preg på satsinga. Vi forventar at avdelingsdirektøren kjem med sjølvstendige bidrag for å styrke dette arbeidet.


Direktør for kulturformidling og informasjon skal kombinere tett arbeidsleiing i ei lita avdeling med strategisk og praktisk samarbeid med andre einingar og fagpersonar i heile organisasjonen. Den vi søkjer bør ha erfaring frå strategisk leiing i liknande institusjonar eller frå liknande fagfelt.

Arbeidsoppgaver

* Ansvar for utvikling av Nasjonalbibliotekets aktive kulturformidlingsprogram til publikum.
* Budsjett- og personalansvar for avdelinga.
* Pressekontakt og generelt informasjonsarbeid.
* Delta i Nasjonalbibliotekets leiargruppe og fungere som rådgjevar for direktøren på relevante område.

Kvalifikasjoner
* Relevant erfaring, på strategisk nivå, frå eitt eller fleire av ansvarsområda til avdelinga.
* Relevant utdanning på masternivå eller tilsvarande (realkompetanse kan erstatte formell grad).
Personlige egenskaper

* Vi søkjer ein person med høg arbeidskapasitet, gode sosiale eigenskapar og erfaring med strategisk leiing og budsjettansvar. Vi ønskjer oss ein avdelingsdirektør som er tydeleg og god til å samarbeide.
* Av omsyn til kjønnsbalansen og breidda i Nasjonalbiblioteket si leiargruppe oppfordrar vi kvinner og personar med minoritetsbakgrunn til å søkje på stillingane.

Arbeidssted:
Oslo. Ein må rekne med reising til Mo i Rana.

Språk:
Søkjaren må meistre norsk og engelsk godt, både skriftleg og munnleg.

Vi tilbyr
* Høve til å forme kulturformidlings- og informasjonsarbeidet i ein av landets største kulturinstitusjonar.
* Løn som avdelingsdirektør (st.kode 1060), ltr. 55 til 101. Aktuell lønnspl. for denne stillinga er 78 til 88 som for tida utgjer kr. 765 100 til 1 014 900 pr. år.
* Medlemskap i Statens Pensjonskasse.