Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
08.03.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6536251Se her for andre jobber fra Sula kommune
Sula kommune
Avdeling Jetmundgarden har ledige stillingar.
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du ein som har eit stort hjarte for å jobbe med menneske og vil bidra med å gjere dagane god for dei som trenger støtte og hjelp i kvardagen. Kanskje er du vår nye kollega?
Vi skal styrke vår faglege kompetanse og søkjer engasjerte, dyktige og robuste medarbeidarar- fortrinnsvis vernepleiar eller sjukepleiar, men andre med relevant bachelorgrad vil og bli vurdert. Vi har og ledig ei stilling med kvalikfikasjonskrav som helsefagarbeidar.
Som tilsett i Bu- og aktivitetstenesta har du ansvar for å sikre at vi gir fagleg forsvarlege tenester til våre tenestemottakarar. I vår eining får du samarbeide med engasjerte og dyktige kollegaer med varierande kompetansebakgrunn. Du vil få faglege utfordringar i arbeidsoppgåver i ei eining i utvikling. Vi tilbyr fadderordning og god opplæring.
Vi har ledig:
Jetmundgarden:
1 x 100 % fast stilling som fortrinnsvis vernepleiar/ sjukepleiar, andre med helse og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogisk utdanning vil bli vurdert.
1 x 75 % fast stilling som autorisert helsefagarbeider.
Siste års vernepleiarstudentar vert oppmoda til å søkje.
Vikariat: ledig frå 30.03.26 til og med 31.12.26
3 x100% vikariat som miljøterapeut. Ledig frå 30.03.26 til og med 31.01.27
Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til personar med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er personar med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting , aktivisering og opplæring ved arbeidssenter/dagsenter, privat avlastning og avlastning i institusjon, støttekontakt og brukarstyrt personleg assistanse.
Jetmundgarden er ei avdeling med åtte bueiningar der arbeidet består i praktisk og personleg bistand til alle dagleglivets gjeremål. Avdelinga yter heildøgnomsorg til menneske med ulike funksjonsvariasjonar som autismespekterforstyrringar og psykiske vanskar. Vi arbeidar for at tenestemottakarane skal oppleve tryggleik, sosiale relasjonar, respekt og god livskvalitet. Du skal som tilsett sikre brukarmedverknad og gje god kvalitet på tenesta. Du skal rettleie tenestemottakar, samarbeide med pårørande, kollegaer og studentar.
Avdelinga har fokus på kompetanseløft og nokre av satsingsområda er målretta miljøarbeid og positiv åtferdstøtte.
Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Avdelingane har turnusordning med utvida arbeidstid f.t. 14-timarsvakter med arbeid 3. kvar helg. Jetmundgarden bufellesskap har årsturnus der du kan vere med å påverke arbeidstida di.
Kvalifikasjoner:
- Til 100% fast stilling søkjer vi fortrinnsvis personar med gyldig autorisasjon som vernepleiar/ sjukepleiarar, andre med helse og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogisk høgskuleutdanning vil bli vurdert.
- Vi søkjer personar med autorisasjon som helsefagarbeider til 75% fast stilling.
- Til vikarstillingane søkjer vi personar som har 3- årig helse- og sosialfagleg utdanning. Pedagogisk høgskuleutdanning kan bli vurdert.
- Erfaring frå liknande arbeid, samt utfordrande åtferd vil verte føretrekt.
- Kjennskap til og erfaring frå arbeid med personar med samensatt problematikk.
- Målretta miljøarbeid med oppfølging og evaluering av tiltaksplan.
- Utarbeiding og oppfølging av vedtak etter Hotjl. kap. 9.
- Datakunnskap.
- Gode kunnskapar i norsk, munnleg og skriftleg.
- Krav om førarkort klasse B.
- Politiattest.
- Oppgje referanse.
Personlige egenskaper:
- Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter fleksible, stabile og pliktoppfyllande personar med god framferd som likar å arbeide med menneske.
- Du må vere ressurs og løysningsorientert, og ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
- Du må ha evne til å vere roleg i uførutsette hendingar og tole stress.
- Arbeide etter dagleg arbeidsplan og rutinar.
- Bidra til gode resultat gjennom felles mål, verdiar, tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving.
- Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø er viktig.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr:
- Eit positivt og engasjert fagmiljø.
- Kompetanseheving og fagleg utvikling.
- Interessant og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver.
- Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2% innskot til pensjonsordning.
- 20 års ansiennitetsstige. Kr 5716 pr. år.
- Vanleg kommunale tilsetjingsvilkår.
- God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll.
- Lokalt tillegg for helsepersonell. Kr 6500 for helse- og/eller sosialfagleg utdanning, kr 5000 for helsefagarbeidar ( justerast etter stillingsprosent).
- Lokalt tillegg for arbeid på helg. Sjukepleiar/ vernepleiar kr 8000 pr. år, andre kr 4000 pr. år. od opplæring og moglegheit for fagleg påfyll.
Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
08.03.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6536251Se her for andre jobber fra Sula kommune
-
Nymarkvegen 40 lyser ut ledige stillingar.
Sula kommune
LANGEVÅG -
Sjukepleiar/vernepleiar 100% fast stilling
Øygarden kommune
RONG -
Barnevernskonsulent, fast stilling
Giske Kommune
VALDERØYA -
Sjukepleiar/vernepleiar, 70% fast nattstilling
Øygarden kommune
Ågotnes -
Kombiner ein kjekk arbeidsplass med hyggelege kollegaer og vakker natur i sommar som ferievikarar ved Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt
Giske Kommune
VIGRA