• Company
    Hardingsmolt AS
  • Application deadline
    30.04.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Fiskeoppdrett
  • Educational qualification
    Ønskelig
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5620, TØRVIKBYGD
    KVAM
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6170910
  • Look here for other jobs from Hardingsmolt AS

Questions are directed to

Marthe Knight
tlf: 47483966

Hardingsmolt AS

AUTOMATIKER

AUTOMATIKER

Fiskeoppdrett

Ynskjer du å vere med Hardingsmolt i ein spennande utviklingsfase når me no utvidar anlegga våre? Me er på jakt etter kompetente og sjølvgåande personar med god teknisk innsikt og kompetanse for å bli ein del av vårt team. Hjå Hardingsmolt spelar me på lag med biologien, og laksen får naturlege veksttilhøve i økosystema me skapar for fiskane. For å få dette til må me beherske alle variablar som dannar eit stabilt grunnlag for vekst, og dei siste 10 åra har me gjort mykje nybrotsarbeid innan sikring av vannkjeldene våre. Stabil tilførsel av sjøvatn vore ein av nøkkelfaktorane. Me var dei fyrste i Noreg som tok i bruk nanofiltrering av sjøvatn i havbrukssektoren for bruk på land, og me har hatt lukka sjøanlegg i drift sidan 2019. For å lage dette miljøet i eit fiskeanlegg, som er like mykje prosessanlegg, krevst system og automasjon og me søkjer difor Automatikar

 

Me ser for oss at du liker å jobbe i eit innovasjonsretta oppdrettsselskap. Du ser verdien av å jobbe saman mot eit felles mål saman med kjekke kollegaer med ekspertise frå ulike fagfelt. I denne stillinga vert dine arbeidsoppgåver varierte og beståande av til dømes:

  • tilsyn, drift og vedlikehald av Hardingsmolt sine automasjonssystem
  • oppfølging av produksjons-, vedlikehalds- og internkontrollsystem
  • deltaking i større arbeidsoperasjonar

Me treng deg som raskt kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og vere med og utvikle korrekt arbeidsmetodikk, men også ta del i praktisk problemløysing. Du har ei oppriktig interesse for teknologi og styresystem, og kommuniserer effektivt med dei rundt deg på norsk. Kanskje du er også interessert i samspelet mellom teknikk, kjemi og biologi.

Ynskte kvalifikasjonar 

  • utdanning innen Automasjon. God og relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • erfaring med PLS, HMI og Scada løsninger
  • god kjennskap til parametersetting, idriftsettelse og feilsøking på automasjonssystem
  • gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
  • gjerne også kjennskap til IT-strukturering og VPN løsninger for fjerntilkobling

Hos oss vert du del av eit dyktig tverrfagleg team som jobbar tett saman for å gje gode veksttilhøve for fisken. Hardingsmolt er opptatt av å vidareutvikle kompetansen til våre tilsette og å halde seg oppdatert på aktuelle kurs. 

Me kan tilby 

  • konkurransedyktige vilkår 
  • for den rette kandidaten er det moglegheiter for å bygge erfaring og utviklingspotensiale innad i organisasjonen 
  • veldig gode pensjons- (AFP og innskot) og forsikringsordningar 
  • arbeidsstad i flotte omgjevnadar i Tørvikbygd

Les meir om oss på våre nettside. For ytterlegare informasjon om stillinga, ta kontakt med Marthe Knight, administrasjonssjef på tlf. 941 77 549. 

 

  • Company
    Hardingsmolt AS
  • Application deadline
    30.04.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Fiskeoppdrett
  • Educational qualification
    Ønskelig
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5620, TØRVIKBYGD
    KVAM
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6170910
  • Look here for other jobs from Hardingsmolt AS

Questions are directed to

Marthe Knight
tlf: 47483966