Frågor riktas till

Marthe Knight
tlf: 47483966

Hardingsmolt AS

Automatikar

Fiskeoppdrett

Brenn du for ei framtidsretta oppdrettsnæring? Ynskjer du å vere med Hardingsmolt i ein spennande utviklingsfase når me no utvidar anlegget vårt i Tørvikbygd? Me er på jakt etter ein kompetent og sjølvgåande person med god teknisk innsikt og kompetanse for å bli ein del av vårt team i Tørvikbygd.

Me søkjer automatikar

Me ser for oss at du liker å jobbe i eit innovasjonsretta oppdrettsselskap. Kanskje du er også interessert i samspelet mellom teknikk, kjemi og biologi. Du ser verdien av å jobbe saman mot eit felles mål saman med kjekke kollegaer med ekspertise frå ulike fagfelt. I denne stillinga vert dine arbeidsoppgåver varierte og beståande av t.d.

  • tilsyn, vedlikehald, oppgradering og feilsøking av anlegg og komponentar
  • tilsyn av renseanlegg og sensorikk knytt til disse
  • registrering av kontrollparameter
  • oppfølging av produksjons-, vedlikehalds- og internkontrollsystem
  • røkting og tilsyn av fisk
  • deltaking i større operasjonar knytt til mottak og levering av fisk
  • mulighet for å inngå i vaktordning

Me treng deg som raskt kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og vere med og utvikle korrekt arbeidsmetodikk, men også ta del i praktisk problemløysing. Du har ei oppriktig interesse for oppdrett, og kommuniserer effektivt med dei rundt deg på norsk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • fagbrev som automatikar
  • kompetent og sjølvgåande problemløysar
  • bidrar positivt til arbeidsmiljøet rundt deg

Hos oss vert du del av eit dyktig team som jobbar tett saman for å gje gode veksttilhøve for fisken. Hardingsmolt er opptatt av å vidareutvikle kompetansen til våre tilsette og å halde seg oppdatert på aktuelle kurs.

Me kan tilby

  • konkurransedyktige vilkår.
  • for den rette kandidaten er det mogelegheiter for å bygge erfaring og utviklingspotensiale innad i organisasjonen.
  • veldig gode pensjons- (AFP og innskot) og forsikringsordningar.

For ytterlegare informasjon om stillinga, ta kontakt med Marthe Knight, administrasjonssjef på tlf. 94177549.

Søknad og CV sendes innan 17. januar 2025 til: marthe.knight@hardingsmolt.no

 

Frågor riktas till

Marthe Knight
tlf: 47483966