• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4576952
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 23.04.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Assisterande styrar i Sundre barnehage

Offentlig forvaltning

Er du ein pedagog som ynskjer nye utfordringar og ei fagleg spennande leiarstilling? Då ynskjer me deg velkomen til vårt team!

Me søkjer
Det er ledig 100 % fast stilling som assisterande styrar frå 01.08.2022, eller etter nærmare avtale. 

Sundre barnehage har seks avdelingar, fordelt på to hus, og er plassert i sentrum av Ål. Viktige stikkord for vår pedagogiske drift er leik, glede og medverknad. Me ynskjer ein balanse mellom leik og meir styrte aktivitetar, og eit miljø der kvart barn får skinne og mangfold blir sett på som ein ressurs. Det er mange nasjonalitetar representert i barnehagen og språkarbeid med ASK er viktig.

Barnehagen har eit stort og variert uteområde og har direkte tilgang til Ål skulepark, fine turvegar og turområder. Det er også gåavstand til Ål kulturhus med bibliotek og galleri, Ål idrettspark og fleire museum.

For meir informasjon om Sundre barnehage, sjå www.aal.kommune.no

Kvalifikasjonar
Det er ynskjeleg med utdanning som barnehagelærar. Annan pedagogisk bakgrunn kan vurderast. Bør ha god kunnskap om bruk av IKT/digitale verktøy i barnehage.

Arbeidsoppgåver
Assisterande styrar skal:
- vere ein del av leiarteamet i barnehagen
- bidra til fagleg kompetanseheving
- ha ansvar for HMS-arbeid og vaktplan i barnehagen
- utføre administrative oppgåver etter avtale med styrar
- pr. d.d er 20 % av stillinga knytt til arbeid på avdeling

Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Det er ynskjeleg at assisterande styrar:
- har arbeidsglede og engasjement
- er oppdatert innanfor barnehagefaget
- har god formidlingsevne muntleg og skriftleg
- har gode samarbeidsevner
- arbeider grundig, systematisk og sjølvstendig
- er open for nytenking og medverkar til utvikling

Lønsvilkår
Lønn etter avtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.

Politiattest
Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.

Send søknad
Du må sende elektronisk søknad. Informasjon etter kvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4576952
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 23.04.2022