Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
22.03.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5042572Se her for andre jobber fra Ål Kommune
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ål Kommune
Assisterande styrar 100 % fast - Sundre barnehage
Offentlig forvaltning
Då ynskjer me deg velkomen til vårt team!
Sundre barnehage har seks avdelingar, fordelt på to hus, og er plassert i sentrum av Ål. Viktige stikkord for vår pedagogiske drift er leik, glede, styrkebasert tankesett og medverknad. Me ynskjer ein balanse mellom leik og meir styrte aktivitetar, og eit miljø der kvart barn får skinne og mangfold blir sett på som ein ressurs. Barnehagen har eit mangfold av ulike nasjonalitetar.
Kvalifikasjonar
Det er ynskjeleg med utdanning som barnehagelærar. Annan pedagogisk bakgrunn kan vurderast. Bør ha god kunnskap om bruk av IKT/digitale verktøy i barnehage.
Arbeidsoppgåver
Assisterande styrar skal:
- vere ein del av leiarteamet i barnehagen
- bidra til fagleg kompetanseheving
- ha ansvar for HMS-arbeid og vaktplan i barnehagen
- utføre administrative oppgåver etter avtale med styrar
Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Det er ynskjeleg at assisterande styrar:
- har arbeidsglede og engasjement
- er oppdatert innanfor barnehagefaget
- har god formidlingsevne muntleg og skriftleg
- har gode samarbeidsevner
- arbeidar grundig, systematisk og sjølvstendig
- er open for nytenking og medverkar til utvikling
Lønsvilkår
Lønn etter avtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Politiattest og søknad
Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.
Intervjuar gjennomførast fortløpande og tilsetting kan skje før utløpsfristen. Til intervjuet må du ta med kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.
Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.
Velkomen som søkjar!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
22.03.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5042572Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Ditt lokale arbeidsmarked
- Del annonsen i eget nettverk
- Over 100.000 CVer registrert
- Motta alle søknader ett sted