• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    02.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5641744
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 16.03.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gol kommune

Assisterande rektor ved Gol vaksenopplæring

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det er ledig 100 % fast stilling som assisterande rektor ved Gol vaksenopplæring frå 1.8.24.

Vi søkjer
Gol vaksenopplæring tilbyr opplæring i norsk og samfunnskunnskap til vaksne elevar frå kommunane Gol,
Hemsedal, Nesbyen og Flå. Vi tilbyr førebuande opplæring for vaksne (FOV - tidlegare grunnskuleopplæring
for vaksne) , for alle kommunane i Hallingdal, samt tilbod om spesialundervisning for vaksne. Gol
vaksenopplæring samarbeider med Gol vidaregåande skule, om kombinasjonsprogram for unge mellom 16 -
20 år. Gol vaksenopplæring samarbeider tett med Flyktningtenesta i kommunane.
Elevane kjem frå mange ulike land og som tilsett hos oss vil du spele ei viktig rolle for språkinnlæring og
inkludering i samfunnet.

Gol vaksenopplæring har om lag 120 elevar. Elevtalet endrar seg etter tal flyktningar kommunane tek i mot.
Som assisterande rektor vil du arbeide tett med rektor.

Gol vaksenopplæring er organisert under Oppvekst og kultur i Gol kommune og held til på Læringssenteret
Hallingdal, der vi er samlokalisert med Karrieresenteret Hallingdal, OPUS- Hallingdal, Ung Invest og Gol
vidaregåande skule.

Sjå www.gol.kommune.no for fleire opplysningar om kommunen og skulane.

Arbeidsoppgåver som assisterande rektor
• Bistå rektor i dagleg drift av skulen
• Vere stedfortredande for rektor i rektor sitt fråvær
• Bistå i pedagogisk utviklingsarbeid
• Kartlegging og inntak av nye elevar
• Vere oppdatert på og forvalte gjeldande lovverk, samt fatte vedtak
• Ansvar for timeplanlegging, vikarar, årsplanar m.m.
• Merkantile/administrative oppgåver
• Det er lagt undersvisningsressurs til stillinga som assisterande rektor
• Andre relevante oppgåver

Kvalifikasjonar
• Pedagogisk utdanning
• Ønskeleg med undervisningserfaring, gjerne frå vaksenopplæring
• Det er ein fordel med utdanning og/eller erfaring frå leiing og administrasjon
• Gode digitale kunnskapar
• God evne til munnleg og skriftleg framstilling.

Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på personleg eigenskapar. Vi ønsker at du:
• Er strukturert, sjølvstendig, ansvarsfull og grundig
• Er positiv, fleksibel og løysingsorientert
• Har evne til å skape gode relasjonar med vaksne elevar og kollegaer
• Trivst i ein digital kvardag
• Deltek i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt
• Har erfaring med og interesse for arbeid med menneske frå ulike kulturar

Vi tilbyr
• Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
• Eit hyggeleg og engasjert arbeidsmiljø
• Ei skule der elevar trivst
• Ei avdeling som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid og kompetanseheving

Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtale.

Send søknad
Du må sende elektronisk søknad.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev.
tenesteattestar, dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at
søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, men det skal gode grunnar til for at dette skal
bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør
offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Gyldig politiattest må leggjast fram
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    02.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5641744
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 16.03.2024
Stillingsannonse i Hallingdølen AS
  • Ditt lokale arbeidsmarked
  • Del annonsen i eget nettverk
  • Over 100.000 CVer registrert
  • Motta alle søknader ett sted
Legg ut jobbannonse