Detaljer

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    07.03.2021
  • Sted:
    ÅL
  • Stillingsfunksjon:
    Administrasjon
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav:
    Bachelor
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Ønsket Språk:
    norsk, nynorsk
  • Fylke:
    VIKEN
  • Arbeidssted:
    ÅL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3492193
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune

Spørsmål rettes til

Berit Albrecht
tlf: 93269970


Assisterande rektor ved Ål ungdomsskule frå 01.08.2021

Ål ungdomsskule er ein ungdomsskule med ca. 200 elevar og 40 tilsette. Det er tredeling på kvart av dei tre trinna. Skulemiljøet er positivt med høg trivsel blant både tilsette og elevar. Skulane i Ål har dei siste åra arbeidd med ei stor IKT-satsing der elevane på barnetrinnet har kvar sin iPad og elevane på ungdomstrinnet har kvar sin PC. Alle klasserom er godt utstyr med ny teknologi og framover vil "Det digitale klasserommet i fagfornyinga" vere eit viktig satsingsområde. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap.

Assisterande rektor ved Ål ungdomsskule frå 01.08.2021


Vil du vere med å vidareutvikle læringsarenaen for barn og unge i Ål?

Me søker

Det er ledig 100 % fast stilling som assisterande rektor ved Ål ungdomsskule frå 01.08.2021.

Assisterande rektor skal støtte rektor i det pedagogiske, faglege og administrative arbeidet, slik at skulen vert drive etter gjeldande plan-, lov- og avtaleverk. Arbeidsoppgåver er dagleg drift av skulen som t.d. bemanning, organisering av undervisning, timeplantekniske endringar og andre aktuelle administrative oppgåver etter avtale. Stillinga vil ha eit medansvar for spesialundervisning ved skulen. Den som vert tilsett vil vere deltakar i skuleleiarforumet i kommunen og ein medspelar i det overordna utviklingsarbeidet for skulane i Ål. Det kan også ligge undervisningsoppgåver til stillinga ut frå ei heilskapleg vurdering. Assisterande rektor fungerer som rektor i rektor sitt fråvær.

For meir informasjon om Ål ungdomsskule, sjå www.aal.kommune.no

Kvalifikasjonar

  • godkjent pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse
  • ynskjeleg med erfaring frå leiing og administrasjon
  • ynskjeleg med kunnskap og erfaring innanfor spesialpedagogikk
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Ål kommune nyttar nynorsk skriftspråk

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Me ynskjer at du:

  • er engasjert og nyskapande, og har evne til å inspirere andre
  • evne til å byggje gode relasjonar til både elevar, føresette og kollegaer
  • kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
  • har føresetnader for å bidra til god ressurs- og økonomistyring
  • tek ansvar og arbeider sjølvstendig, men også teamorientert
  • har gode samarbeidsevner og er løysingsorientert
  • ynskjer å delta i skulen sitt fellesskap, både fagleg og sosialt

Me tilbyr

Lærerike og utfordrande arbeidsoppgåver i eit solid fagmiljø med dyktige medarbeidarar og godt elev- og arbeidsmiljø. Ål-skulen driv kompetanseheving og utvikling gjennom arbeid i nettverk internt, på tvers av skular i Ål og regionalt i Hallingdal.

Lønsvilkår

Lønn etter avtale. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i SPK. Tilsetting i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.

Politiattest

Den som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettinga.

Send søknad

Du må sende elektronisk søknad. Klikk " Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden. Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar, dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss dersom du har spørsmål til stillingane.

  • Anne Marie Stokkedal, rektor Ål ungdomsskule, Anne.Stokkedal@aal.kommune.no m918 77 055
  • Vegar Hoel, kommunalsjef oppvekst, vegar.hoel@aal.kommune.no m464 46 634