• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    09.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3021330
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 07.07.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Assisterande kommunalsjef oppvekst

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal kommune søkjer assisterande kommunalsjef oppvekst med sektoransvar for skule. Stillinga er ei 100% fast stilling som er ledig frå 1.10.20. Sogndalsskulen består av 9 grunnskular, Sogndal opplæringssenter og Kringsjå leirskule. Samla sett er det om lag 1350 elevar i grunnskulane og om lag 140 deltakarar/elevar ved Sogndal opplæringssenter.

Assisterande kommunalsjef vil sitje i kommunalsjefen si leiargruppe, og ha sektoransvar for skulesektoren. I sektoransvaret ligg ansvaret for skulesektoren si samla fagutvikling, økonomistyring og personalleiing. Vi søkjer ein leiar som kan vere med å utvikle skulesektoren spesielt og oppvekstsektoren generelt, til beste for barn og unge som veks opp i Sogndal kommune. Oppvekstsektoren jobbar med fleire spanande prosjekt, mellom anna betre tverrfagleg innsats (BTI), livsmeistring i barnehage og skule, fagfornyinga m.m. Sogndal kommune har eit tett og godt regionsamarbeid i Sogn og utviklingsprogrammet «System for styrka læring». Den som vert tilsett, vil på ulikt vis måtte bidra inn i desse og andre prosjekt innan oppvekst og i kommunen elles.


Arbeidsoppgåver:
• Utviklings- og kvalitetsarbeid innan Sogndalsskulen spesielt og oppvekstsektoren generelt
• Personalansvar for leiarane innan skulesektoren i Sogndal
• Ansvar for samla økonomistyring i Sogndalsskulen
• Utgreiings- og sakshandsamingsoppgåver
Sentrale ansvarsområde:
• Følgje opp kommunen sine vedtekne satsingar og prioriteringar
• Sikre at vi følgjer relevant lovverk, som t.d. opplæringslova

Kvalifikasjonar:
• Relevant pedagogisk utdanning frå universitet/høgskule
• Leiarerfaring frå skulesektoren
• Praktisk erfaring og innsikt i pedagogisk utviklingsarbeid
• Utviklingsorientert og har erfaring frå utviklingsarbeid
• Det er ynskjeleg med leiarutdanning.

Personlege eigenskapar:
• Sjå verdien av å jobbe i team og ha gode samarbeidsevner
• Vere løysingsorientert
• Ha evne til å inspirere, engasjere og rettleie rektorgruppa mot felles mål, og kunne nytte potensialet til Sogndalsskulen
• Kunne handtere nye utfordringar
• Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
• Evne til å ta initiativ og arbeida sjølvstendig og målretta

Me tilbyr:
• Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Gode velferdsordningar
• Løn etter avtale
Kun søknadar mottekne innan frist og levert via Easycruit vert tekne i betraktning.

Kontaktperson for stillinga er kommunalsjef oppvekst Ole Gunnar Krakhellen, mob. 926 48 081, e-post: ole.gunnar.krakhellen@sogndal.kommune.no

 

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    09.08.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3021330
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 07.07.2020