Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Assisterande einingsleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ynskjer du å vere ein del av eit godt fagleg team i Psykisk helse og rus i Sunnfjord kommune? Då skal du søkje på denne stillinga!

 

Vi er ei eining som gjev tilbod om samtaleoppfølging og praktisk bistand til personar med utfordringar innan psykisk helse og rus. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerleg oppfølging, med trygge og føreseielege rammer. Psykisk helse og rus er ei eining som er delt i fire soner; Naustdal, Vassenden, Førde og Sande.

I eininga er vi omlag 21 årsverk fordelt på dei ulike sonene. Vi har tilsett erfaringskonsulent i prosjektstilling, migrasjonskonsulent, og samarbeid tett med jobbspesialistar. Dei tilsette har stor grad av fagleg kompetanse og er opptekne av å yte gode tenester. Vi jobbar i team, men mykje av arbeidet er også ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet og fordrar at ein er trygg på eigne avgjersler.

Vi ynskjer ein person som kan vere med på å bidra positivt inn i eininga vår. Vi håpar det er deg.

Stillinga inneheld mellom anna oppgåver som:

  • ansvar for den daglege drifta i sone Førde
  • ansvar for ei fagleg forsvarleg drift og utvikling
  • ansvar for kontakt med HVL i høve tildeling av studentar
  • ansvar for tildeling av nye brukarar i tenesta
  • delegering og ansvarsfordeling av oppgåver til dei tilsette
  • delta i utarbeiding av rutinar og prosedyrar
  • innleige ved fråvær og sørge for at ein til ei kvar tid har ei forsvarleg bemanning
  • delta på intervju ved tilsetting
  • oppfølging av kortidsfråvær og innleige av vikar
  • attestere rekningar og generere timelister
  • oppfølging av tenestemottakarar og dokumentere i relevant fagsystem
  • arbeide tett og tverrfagleg med samarbeidspartar og delta på samarbeidsmøter
  • ansvar for planlegging og systematisering av arbeidsdagen
  • kjennskap til budsjettet for eininga og delta i budsjettprosessen

Fagsystem som vert nytta er mellom anna: RS ajourhald, Cosdoc, Visma og Norse. 

Oppgåvene som beskrive er ikkje uttømmande.

Stillinga er dagarbeid med hovudkontor i Førde. Det må påreknast å vere disponibel i dei andre sonene ved behov. Du vil jobbe både administrativt og utøvande.

Som assisterande einingsleiar vil du vere stedfortreder for leiar ved behov. 

Kvalifikasjonar:

  • Minimum tre-årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning. Om ein har medisinfagleg kompetanse, vil dette kunne vere eit pluss, men er ikkje eit krav.
  • Ynskje om leiarerfaring. Utdanning innanfor leiing og administrasjon vil bidra positivt, men ikkje eit krav. Relevant kompetanse og erfaring som er aktuelt for stillinga, vil verte vurdert.
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter og gode datakunnskapar.
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar vert vektlagt i stor grad og vi ser etter deg som:

  • har gode samarbeidsevner
  • er positiv, nysgjerrig og reflekterande
  • er strukturert og systematisk
  • er sjølvstendig og trygg
  • er fleksibel og løysningsorientert
  • bidreg positivt i arbeidsmiljøet
  • er ein god rollemodell og motiverer dei tilsette
  • er endringsvillig og endringsorientert
  • har god relasjonskompetanse

Vi tilbyr:

  • tverrfagleg arbeid
  • engasjerte tilsette
  • godt arbeidsmiljø
  • faglege utfordringar
  • løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • sunnfjord kommune tilbyr kompetansetillegg for relevant vidareutdanning

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

 

Velkommen som søkar!