Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Assisterande einingsleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du god til å motivere, engasjere, skape fellesskapskjensle, og likar du samstundes å ta ansvar?  Då kan dette være stillinga for deg!

Naustdal heimeteneste har for tida lokale ved Naustdal omsorgssenter og yt tenester blant anna innan heimesjukepleie, heimehjelp, kvardagsrehabilitering , tiltakspakke demens og velferdsteknologi til heimebuande pasientar. Tenesta har i tillegg ansvar og yt tenester i 15 omsorgsbustader knytt til basen.

Heimetenesta har for tida stort fokus på implementering av ulike teknologiske hjelpemiddel i heimane. Vi er ein del av Ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunane. Vidare har vi fleire tiltak innan demensomsorg.

Målet vårt er å vere ei levande teneste med eit framtidsretta fokus der vi saman skal yte gode heimetenester til innbyggarane i Naustdal.

Vi ønsker å finne ein dyktig assisterande einingsleiar som vil vere med på å utvikle vidare Naustdal heimeteneste!

Eininga har 22 årsverk fordelt på 35 tilsette. Assisterande einingsleiar vil arbeide tett saman med einingsleiar og vil samtidig få mykje sjølvstendig ansvar. Arbeid er dagtid mandag - fredag.

Krav til søkar:

  • sjukepleiar
  • leiarerfaring
  • beherskar godt norsk munnleg og skriftleg
  • har gode datakunnskapar

 Det er ein fordel om du har:

  • erfaring med ressursstyringssytem for tilsette (RS)
  • erfaring med journalsystem (CosDoc)
  • leiarutdanning eller relevant leiarerfaring innan omsorg
  • erfaring/kjennskap med utarbeiding av turnus og regelverk knytt til dette
  • relevante vidareutdanningar innan helse- og omsorg
  • interesse for teknologiske hjelpemiddel

 Arbeidsoppgåver:

  • leie den daglege drifta i eininga i samarbeid med einingsleiar
  • fordele arbeidsruter og oppgåver til dei tilsette
  • ansvar og kjennskap til teknologiske hjelpemiddel
  • ansvar for innleige av personale ut i frå bemanningsplan
  • medansvar for faglege vurderingar og rettleiing av personalet
  • samhandling med tenestemottakarar og pårørande
  • samarbeid med interne og eksterne aktørar. Vi samarbeider tett med tildelingseininga i kommunen
  • delta i møter med aktuelle samarbeidspartar
  • delta i økonomistyringa for eininga i samarbeid med einingsleiar

Stillinga vil ha varierande arbeidsoppgåver med omlag 60% assisterande einingsleiar og 40% ute i pasientretta arbeid.

Vi søker deg som:

  • er ein pådrivar og lagspelar for eit godt arbeidsmiljø
  • trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team
  • har stor arbeidskapasitet
  • har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling
  • er lojal og flink til å motivere

Naustdal heimeteneste sin Assisterande einingsleiar:

  • er strukturert og effektiv
  • har engasjement for arbeidet
  • er endringsvilleg, løysingsorientert og fleksibel

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi kan tilby:

  • engasjerte medarbeidarar som vil utvikle Naustdal heimeteneste vidare
  • eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø
  • leiar som er nær
  • varierte arbeidsdagar
  • gode pensjons- og forsikringsordning
  • samarbeid med Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester (USHT) 

Politiattest må leverast før start i stilling.

Du søker elektronisk, og søknaden må innehalde referansar.

Ta gjerne kontakt for ein uformell prat.

Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!