• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    26.06.2022
  • Stillingsfunksjon:
    Miljøterapeut
  • Stillingstype:
    Varierande arbeidstid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4658740
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Assisterande einingsleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sande Bu- og miljøteneste yt døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming, og som elles treng langvarige og koordinerte tenester. Tenesta yt og avlastningsteneste. Personalbasane er knytta tett opp til omsorgsbustadene og avlastningsleilighetene til brukarane. Vi yt tverrfaglege tenester som inneber støtte og opplæring knytta til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.

Vi har ledig: 


100 % fast stilling som assisterande einingsleiar. 

50 % av stillinga er knytt til administrative oppgåver og 50 % er knytt til arbeid i miljøet. 

Arbeidsoppgåver: 
  • leie den daglege drifta i eininga i samarbeid med einingsleiar
  • utarbeide turnusar og arbeidsplanar for dei tilsette
  • medansvar for faglege vurderingar og rettleiing av personalet
  • delta i møter med aktuelle samarbeidspartar
  • ha kontakt og samarbeide med pårørande
  • delta i økonomistyringa for si avdeling i samarbeid med einingsleiar
Vi søker deg som: 
  • har 3 årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning
  • har ønske og glede av å arbeide med menneske med ulike hjelpebehov
  • har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • har evne til å samarbeide i team like godt som sjølvstendig
  • er fleksibel, løysningsorientert og påliteleg
  • har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
  • har førarkort klasse B

Du må levere godkjent politiattest av ny dato før du tiltrer stillinga- 

Vi legg vekt på at du: 
  • at du er ein god lagspelar og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • trivast å jobbe både sjølvstendig og i team
  • handterer utfordrande åtferd og uforutsette situasjonar
  • er fleksibel, stabil og endringsvilleg
  • har stor arbeidskapasitet
  • er god på relasjonsbygging og skape tillit
  • er fagleg oppdatert og engasjert
Vi kan tilby: 
  • spanande arbeidsoppgåver i eit triveleg miljø
  • engasjerte medarbeidarar
  • kompetansetillegg for relevant tilleggsutdanning
  • løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglar og tariffavtalar
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk. 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    26.06.2022
  • Stillingsfunksjon:
    Miljøterapeut
  • Stillingstype:
    Varierande arbeidstid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4658740
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune