• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    21.05.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5154278
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 12.05.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Assisterande avdelingsleiar

Offentlig forvaltning

Trivs du med leiaroppgåver og ansvar? Er du opptatt av utvikling av tenester og trygg på å rettleie dine kollegaer? Ønskjer du å vere med å utvikle kvalitativt gode tenester i eit tverrfagleg arbeidsmiljø?

Noverande assisterande avdelingsleiar er blitt vår nye avdelingsleiar. Me søkjer etter deg som ønskjer å bli avdelingsleiar sin næraste støttespelar, ansvarleg når leiar ikkje er tilstades og som bidreg i prosess av utvikling og organisering av tenesta. 

Ansvar og oppgåver

Assisterande avdelingsleiar skal bidra til at det heilskapelege tenestetilbodet i avdelinga. Dette vil innebere mellom anna å:

  • ha særlig ansvar for oppfølging av brukarretta vedtak, fagoppfølging og bruk av dokumentasjon og styringsreiskap
  • saman med avdelingsleiar ha ansvar for den daglege, praktiske drifta av avdelinga, organisering av personalet/arbeidsfordeling
  • legge til rette for internundervisning, rettleiing av tilsette, studentar/lærlingar og nytilsette
  • bidra til innovasjon og tenesteutvikling
  • saman med avdelingsleiar sørgje for at avdelinga blir drive innanfor tildelte økonomiske rammer
  • bidra til at drifta blir gjennomført etter gjeldande kvalitetskrav, internkontrollsystemer, kommunen og avdelingens målsetting, lokale / sentrale retningslinjer og lovverk
  • sjå til at ernæringsjournalar, tiltaksplaner, IPLOS og ADL registreringer m.m bli gjort, og rettleie og støtte personalet i dette
  • leggje til rette for godt tverrfaglig samarbeid mellom de ulike yrkesgruppene og instansar
  • tverrfagleg medisinsk samhandling/kommunikasjon i og mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta.
  • pårørandeoppfølging
  • representerer /leie avdelinga i interne og eksterne møter etter avtale med avdelingsleiar og vere avdelingsleiar sin stedfortreder

Stillingsinnhaldet kan bli endra undervegs og ein må pårekne å utføre ordinære oppgåver og ta vakter ved behov.

Me ynskjer å jobbe med deg som

  • har norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning (klinisk avansert, rehabilitering, geriatri, psykiatri og demens).  Søkjarar med annan bachelor innan helse -og/eller sosialfag kan bli vurdert
  • har god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne, minimum B2-nivå
  • har kjennskap til turnuslovgjevnad og økonomisk styring
  • har erfaring, god innsikt og forståing for menneskjer med ulike helseutfordringar 
  • har kunnskap og erfaring knytt personalforvaltning
  • gjerne har leiarutdanning
  • gjerne har rettleiarkompetanse

Personlege eigenskapar

  • er fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking
  • kan arbeide sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og målretta
  • fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking
  • du er tydeleg og trygg i leiaroppgåver, skapar engasjement, samhald og har gode kommunikasjonsevner
  • du må trivs med travle dagar der arbeidsdagen tidvis kan vere krevjande
  • du må ha evne til fleksibilitet og kunne handtere av uforutsette hendinger, og vere løysingsorientert
  • kan tenke langsiktig

Personlege eigenskapar blir tillagt vekt.

Politiattest

I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.

Me tilbyr

  • positive og trivelege kollegaer i eit arbeidsmiljø prega av humør og arbeidsglede, 
  • tilrettelagde og nye lokaler
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver, der få dagar er like,
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling.
  • leiarutviklingsprogram
  • tilrettelagde og nye lokalar
  • god barnehagedekning i kommunen
  • hjelp til å skaffe bustad, eventuelt overgangsbustad
  • lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
  • pensjonsordning i KLP

Bu og jobbe i Ål

Helse- og omsorgssektoren i Ål er ein sektor for utvikling vekst og trivsel. Du kan rekne med variert og spennande jobb - i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Dei fleste tenestene er samlokalisert saman med Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester.

Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!

Send søknad

Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden. 

Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarlista.

Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. 

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    21.05.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5154278
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 12.05.2023