Detaljer

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    31.12.2020
  • Sted:
    ISDALSTØ
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    ISDALSTØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    2992123
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune

Assistent/tilkallingsvikar

Kort om stillinga

Psykisk helse- og rus, avdeling heildøgnsbemanna butilbod har behov for tilkallingsvikarar som kan arbeide dag-/kveld-/nattskift og i døgnturnus. Som tilkallingsvikar kan vi tilby vakter/arbeid ved fråvær grunna sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til behov for mellombels arbeidskraft. Tilkallingsvikarar har ikkje rett på å bli tilbydt arbeid eller plikt til å ta på seg tilbydt arbeid. 

Om heildøgnbemanna butilbod

Avdelinga gjev tenester til vaksne med psykiske helse- og rusutfordringar. Avdelinga består av 4 bufellesskap. 

Arbeidsoppgåver

Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. Arbeidet består i å yte brukarane den bistanden dei treng for å gjennomføre daglege gjeremål, ta del i sosiale aktivitetar og gjere brukarane meir sjølvhjelpen. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.

Kompetanse

Som tilkallingsvikar ønskjer vi at du har relevant helse- og sosialfagleg utdanning eller er i eit utdanningsløp innan fagområdet.

Er du ufaglært og har interesse for arbeid med menneske er du også velkomen til å søkje, og di tidlegare arbeidserfaring vil bli vurdert i høve til relevans.  

Personlege eigenskapar
(Våre forventingar til deg):

  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du er positiv og lærevillig
  • Du er bevisst dine haldningar og prioritera høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk

Utenlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.

Søkjarar utanfor Norden må leggje fram dokumentasjon på gode norskkunnskapar og gjennomført norsktest på B1/B2 nivå.

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.