• Företag
    Aukra kommune
  • Ansökningstiden
    16.06.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6215901
  • Se här för andra jobb från Aukra kommune
Ledigt jobb

Aukra kommune

Assistent/ fagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Julsundet skole har ledige stillingar som assistent/ fagarbeidar frå skoleåret 2025/ 26. Ei stilling er fast, ei er vikariat.

Arbeidsoppgåver

Følgje opp elevar med behov for fagleg, emosjonell og sosial støtte gjennom skole- og SFO-kvardagen.
Høyre til i laget rundt eleven og samarbeide om ei heilskapleg opplæring.
Samarbeide tett med pedagog om tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa.
Hjelpe elevar slik at dei opplever å bli inkludert og høyre til

Kven er du

Du har god relasjonskompetanse og har erfaring med å jobbe med enkeltelevar

Du kommuniserer godt, samarbeider og er fleksibel

Kven er vi

Vi har ein flott og moderne skole med gode fasilitetar både ute og inne.

Arbeidsmiljøet er godt med dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der vi ønsker å legge til rette for eit fagleg utfordrande og kvalitetsmessig godt tilbod til våre tilsette og brukarar.

Aukra kommune brukar "trygghetssirkelen" aktivt i både skole og barnehage 

Vi tilbyr

Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff
Flyttegodtgjersle

Særskilte krav

Det vert stilt krav om politiattest.

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"

 

Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personlege eigenskapar og behovet til skolen. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Tilsetjing skjer elles i samsvar med gjeldande regelverk. Som tilsett i Aukra kommune må du kunna identifisere deg med våre verdiar; attraktiv, uredd, kvalitet, raus, arbeidsglede.

 

  • Företag
    Aukra kommune
  • Ansökningstiden
    16.06.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6215901
  • Se här för andra jobb från Aukra kommune