Ledig stilling

Sogndal kommune

Assistent / fagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ledig 80 %   fast stilling som fagarbeidar/assistent  - Notsete barnehage,  

frå – 1.oktober eller etter avtale. 

 

Ledig 100% vikariat som fagarbeidar/assistent i Ylvisåker barnehage frå 1.desember. Stillinga kan bli omgjort til fast stilling og ledig frå tidlegare dato. 

Ledig 100% vikariat som barnehagelærar frå 1.oktober. 

 

Arbeidsoppgåver:  

  • Ha medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk målretta arbeid i barnehagen. 

  • Skape gode relasjonar med barn og vaksne  

  • Bidra til å skape gode aktivitetar i tråd med barnehagen sine verdiar. 

  • Delta skapande, vere undrande og nysgjerrig  

  • Bidra til å skape et læringsmiljø som stimulerer til deltaking, undring og læring  

  • Han ansvar for eigne aktivitetar  

  • Delta i utviklingsarbeid  

  • Ta imot rettleiing 

  • Bidra til godt og nært samarbeid mellom barnehage og heim 

 

Kvalifikasjonar: 

  • Utdanning som barnehagelærar 

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller erfaring frå arbeid i barnehage eller eventuelt anna relevant utdanning. 

  • Beherske relevante IKT verktøy og system.   

  • Det er ønskjeleg med interesse for, og kompetanse innan tilrettelegging for friluftsliv. og fysisk aktivitet for barn.     

  • Det er ønskjeleg med erfaring frå spesialpedagogisk arbeid. 

  • Det vert stilt krav om god skriftleg og munnleg norskkunnskap ved tilsetjing. 

  • Det vert stilt krav om politiattest av nyare dato. 

 

Personlege eigenskapar: 

  • Glede og interesse for å arbeid med barn. 

  • God relasjonskompetanse. 

  • Evne og vilje til samarbeid for eit godt arbeidsmiljø. 

  • Omsorgsfull . 

  • Engasjert. 

  • Løysningsorientert . 

  • Gode samarbeid- og kommunikasjonsevner. 

  • Vera glad i å vera ute. 

 
Me tilbyr: 

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar. 

  • Gode velferdsordningar. 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne eller minoritetsbakgrunn. Menn vert oppmoda til å søkje. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknader må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.