Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
22.08.2022Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4725681Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 16.08.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Assistent - 60 % vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi har ledig 60 % svangerskapsvikariat som assistent frå snarast råd. Vikariatet vil ha ei varigheit på om lag eitt år. Stillinga inneber arbeid i turnus med arbeid kvar 3. helg.
Om Manger heimeteneste
Heimetenesta i Alver er delt inn i 7 geografiske områder der Manger heimeteneste er lokalisert sentralt på Manger. Avdelinga er samansett av sjukepleiarkompetanse, helsefagarbeidarkompetanse og assistentar. Avdelinga har om lag 32 årsverk og gjev tenester til heimebuande i området, og til bebuarar som bur i bustad med heildøgnstilbod sentralt på Manger. Manger heimeteneste kan tilby eit godt og stimulerande arbeidsmiljø. Vi er ei avdeling i stadig utvikling og har eit felles fokus på gode tenester.
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Kvardagen hjå oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Heimetenesta samarbeidar tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Som assistent hos oss vil du både få oppgåver knytt til reinhald i brukars heim og stell/pleie av brukarar. I vekedagane vil det stort sett vere arbeid med reinhald i brukars heim. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.
Kompetanse
Krav til kompetanse
- Sertifikat klasse B
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer oss ein person som:
- trivst med å arbeide sjølvstednig
- har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- er løysingsorientert og fleksibel
- er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
- har ønskje om å bruke faget til det beste for brukarane våre
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og fremtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest før tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
22.08.2022Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4725681Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 16.08.2022