• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    29.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4615180
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 11.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Assistent 15-20 % fast stilling på helg, Knarvik sjukeheim avdeling 3

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Ønskjer du å jobbe i ein sjukeheimsavdeling? Vi søkjer etter deg som liker å jobbe med mennesker og vil bidra til at sjuke og eldre får ein så god kvardag som mogleg. 

Vi har no ledig faste helgestillingar som assistent på Knarvik sjukeheim avdeling 3 i 15-20 % stilling med arbeid kvar 3. helg.

Stillingane passer godt for sjukepleiestudentar som ønskjer helgestilling medan ein er i utdanning. 

Knarvik sjukeheim, avdeling 3

Avdeling 3 ved Knarvik sjukeheim er ein kortidsavdeling som har pasienter med samansette utfordringar og forskjellige aldersgrupper. Avdelinga er plassert på Knarvik sjukeheim, men vi har og ei gruppe på helsehuset i Knarvik. Totalt er det 19 pasienter på dei to lokasjonane. Hos oss får vi inn pasientar som skal kartleggast og enten tilbakeførast til eigen bustad, eller få meir hjelp i kvardagen. På avdeling 3 arbeider vi derfor tverrfagleg, i samarbeid med fysio - og ergoterapitenesta, sjukeheimslege, heimeteneste og forvaltning. Avdeling 3 har eit aktivt miljø, og det er viktig at ein kan snu seg fort. Vi har eit stabilt personale som har vore på avdelinga lenge, og eit arbeidsmiljø med mykje humor og god takhøgde. Arbeidsplass vil kunne være både på helsehuset og på Knarvik sjukeheim.

Arbeidsoppgåver

  • Du gjev omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie etter gjeldande lovverk og interne rutine
  • Samarbeid med kollegaer og pårørande
  • Være bevisst di rolle i avdelinga for å sikre gode tenester til pasientane
  • Jobbe aktivt for at pasientane får nytta eigne ressursar i dagliglivet

Kompetansekrav

  • Gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg
  • Være fylt 18 år
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Kven er du?

  • Du er løysingsorientert og møter utfordringar på jobb med ei positiv innstilling
  • Du er bevisst på ditt bidrag til eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivst med å arbeide med pasienter som har komplekse helseutfordringar
  • Du ønskjer å lære noko nytt kvar dag
  • Du ser den enkelte pasient, pårørande og kollega

Vi tilbyr

Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov-og avtaleverk
Sjuke - og vernepleiarstudentar har eigen lønnssats i Alver kommune ved framvist dokumentasjon på studiepoeng

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    29.05.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4615180
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 11.05.2022