• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    31.01.2022
  • Sted:
    ISDALSTØ
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    ISDALSTØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4325408
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune

Aspirantkurs brannkonstabel 2022

Alver kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

NHBR treng fleire vikarar og deltidstilsette og skal derfor arrangere aspirantkurs. Kurset er grunnleggjande og obligatorisk for alle som skal jobbe som brannmannskap i NHBR, og etter fullført opplæring kan du søkje på stilling i deltidsstyrken vår.

 

Om Nordhordland brann og redning (NHBR)

Nordhordland brann og redning ( NHBR) vart etablert i 2019, ved samanslåing av tre brannvesen. NHBR dekkjer kommunane Alver, Austrheim og Modalen, med Alver kommune som vertskommune. Ansvarsområdet dekkjer 1.149 km2, har 33.000 innbyggjarar. Vi har 5 brannstasjonar - Knarvik, Lindås, Manger, Mo og Mastrevik og to depot – Kaland og Øvre Helland.

 

Kven kan søkje?

Dine personlege eigenskapar og haldningar vil vere svært viktige, og vi er på jakt etter deg som har lyst til å bidra til å skape ein tryggare og betre kvardag for innbyggjarane våre. Du må vere fysisk og psykisk skikka og ha god helse. Du har eit ønske om, -og tid til å gå inn i deltidsstyrken etter fullført aspirantkurs.

Etter fullført og bestått aspirantkurs kan du søkje ledig stilling som konstabel hos oss når desse blir utlyst. Det er derfor viktig at aspirantane oppfyller dei same grunnleggjande krava som vi stiller til dei tilsette i brannkorpset.

 

Krav til brannkonstabel:

- Ha godkjend politiattest (ordinær politiattest)

- Ha tilfredsstillande helseattest

- Førarkort klasse B

- Du må ha bustad maksimum 15 minutt frå ein av brannstasjonane våre. (køyreavstand)

- Du må bestå fysisk test (denne vil bli gjort som ein del av opptaksprøve)

 

Søknadsprosess

Du søkjer om plass på kurset, og utifrå søknad vil du bli vurdert og kalla inn til ei opptaksprøve. Søknaden må innehalde ei kort skildring om deg og kva interesse og kompetanse du har. Politi- og helseattest treng ikkje å vere ein del av søknaden, men desse må vere på plass til sjølve kurset.

 

Om opptaksprøve:

Opptak til kurset vil bli gjennomført 15. eller 17. februar.  Her vil du bli betre kjend med NHBR og vi med deg. Dette vil skje gjennom intervju og fysisk test. Etter opptaket vil det bli gjort ei evaluering av kandidatane, og ut frå denne evalueringa vil vi sende ut invitasjon til å delta på aspirantkurset.

 

Om aspirantkurset

Kurset vil bli arrangert over tre samlingar på til saman 50 timar. Her vil du få grunnleggjande teoretisk og praktisk opplæring i sentrale sider innan brann- og redning. Gjennomføring av kurset vil skje i veke 10, 12 og 13 (fredag ettermiddag t.o.m. søndag).

Du kan lese meir om opptaksprøve og innhald i aspirantkurset ved å gå inn her.

 
  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    31.01.2022
  • Sted:
    ISDALSTØ
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    ISDALSTØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4325408
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune