• Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2021
  • Sted:
    DALEKVAM
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    DALEKVAM
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3736376
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune

Arkivleiar

Vaksdal kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vaksdal kommune søkjer ein arkivleiar (fagleiar) som brenn for god dokumentasjonsforvaltning og er opptatt av digitalisering og innsyn i forvaltninga. Stillinga vil vera sentral i utviklinga av dokument-/arkivfunksjonen og i kommunen sitt arbeid med digitalisering.

Arbeidsoppgåver

Arkivleiar har ansvar for kommunen sine arkiv og den daglege drifta av arkivtenesta, herunder

  • Systemansvar for kommunen sitt elektroniske sak-/arkivsystem
  • Arkivfagleg kompetanse i digitaliseringsprosjekt
  • Ansvar for oppdatert arkivplan, gode arbeidsprosessar, rutiner og reglement
  • Ansvar for nødvendig opplæring, rettleiing og oppfølging innafor arbeidsområda

  • Ansvar for kvalitetssikring og utvikling

Sentrale arbeidsoppgåver er

  • Dagleg drift av post/arkiv i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og regelverk

  • Innsynsbehandling og publisering av postlister og saker på nett

  • Opplæring og oppfølging av saksbehandlarar, leiarar og andre i sak/arkivsystemet

  • Bistå med arkivfagleg kompetanse i digitaliseringsarbeidet i kommunen

Ynskja til kompetanse

  • Arkivfagleg eller anna relevant utdanning frå høgskule/universitet
  • Erfaring frå offentleg administrasjon og forvaltning
  • God kjennskap til lov og forskrifter 
  • Har god IT-kompetanse, og erfaring med digitale prosessar
  • Har erfaring frå elektronisk sak-/arkivsystem

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som

  • Er strukturert, effektiv og nøyaktig
  • Er sjølvstendig, engasjert og har gjennomføringsevne
  • Har god arbeidskapasitet og trivst med høgt tempo
  • Kommuniserer og samarbeider godt

Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt.

Vaksdal kommune kan tilby

  • Sjølvstendig stilling med meiningsfylte arbeidsoppgåver på viktige samfunnsområde
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Kompetente medarbeidarar og eit levande og inkluderande arbeidsmiljø
  • Godt fagleg samarbeid/nettverk med andre kommunar i regionen
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksitidsordning

Slik søkjer du:

Klikk "send søknad" og følg vidare instruksjonar.

Tilsette som søkjer på stilling må opprette brukarnamn og passord. 
Om du har søkt på stillingar via EasyCruit i Vaksdal kommune tidlegare kan du logge inn med tidlegare brukar. Brukarnamn er som regel e-postadressa.

Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00 eller HR-konsulent på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune eller tlf: 95 52 75 04

 
  • Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2021
  • Sted:
    DALEKVAM
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    DALEKVAM
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3736376
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune