• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    18.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3666647
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 26.03.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Arealplanleggjar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om stillinga

Vi har ledig 100% fast stilling som planleggjar i Sogndal kommune. Vi søkjer ein person som har lyst til å jobbe og delta i utforming av nye Sogndal kommune i framtida, og som ønskjer faglege utfordringar innan samfunns- og tettstadsutvikling i ein vekstkommune. Du vil arbeide på eining for plan og forvaltning med 12 medarbeidarar med brei erfaring og høg kompetanse innan forvaltningsområda våre.

 

Planeininga har ei sentral rolle i utarbeiding av både overordna planverk og sektorvise planar - for å få desse til å bli einsarta og reelle styringsdokument for den nye kommunen. Sogndal kommune har og vil få store og utfordrande planoppgåver som skal handsamast og forvaltast dei neste åra, og oppgåvene vert fordelt etter bakgrunn og interesse til den einskilde. Vi søkjer primært etter ein erfaren arealplanleggar.

 

Arbeidsoppgåver:

· rettleiing og handsaming av private detaljreguleringsplanar

· offentleg planlegging, med m.a. temaplanar, kommuneplan, områdeplanar

· ansvar og medverknad innan prosessarbeid, forvaltning, utgreiingar på ulike nivå, prosjektleiing, innkjøp, seminar og møter, informasjon og rapportering.

 

Kvalifikasjonar:

· relevant utdanning fortrinnsvis på mastergradnivå, og/eller gjerne relevant arbeidserfaring.

· god kjennskap til arealplanlegging og evne til å bidra til høg fagleg kvalitet i offentleg forvaltning.

· god kjennskap til relevant lovverk, forskrifter, nasjonale føringar og retningslinjer, m.m.

· erfaring frå og interesse for prosessar og prosessleiing i plan- og utviklingsarbeid og/eller prosjektleiing.

· GIS-kompetanse til å lage og kontrollere m.a. reguleringsplanar, temaplanar og forvalte det digitale planarkivet til kommunen. Alternativt at du kan lære dette.

 

Personlege eigenskapar:

· Kan og forstår å setje deg inn i samansette problemstillingar.

· Er strukturert, løysingsorientert og kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre.

· Kan tileigne deg kunnskap og er flink til å kommunisere skriftleg og munnleg.

· Kan samarbeide med innbyggjarane, fagfolk i kommunen, politikarar, næringsdrivande, konsulentar og byggjebransjen.

 

Me tilbyr:

· Spanande og varierte arbeidsoppgåver i eit etablert fagmiljø

· Eit ungt, positivt og energisk arbeidsmiljø med høg kompetanse.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

· Moglegheit til å påverka eigen arbeidsdag.

· Moglegheit til utvikling av eigen kompetanse.

· Fleksibel arbeidstid.

· Løn etter avtale.

 

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    18.04.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3666647
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 26.03.2021