• Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    11.03.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6541953
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Ledig stilling

Giske Kommune

Arealplanleggar, vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det er ledig eit 1 års vikariat som arealplanleggar frå snarast, med moglegheit for forlenging. Stillinga er direkte underlagt kommunalsjef Samfunn.  

Kommunalområde Samfunn, Teknisk eining, har omlag 66 medarbeidarar og har ansvar for arealplanarbeid, utbyggingsprosjekt, byggesak, kommunaltekniske anlegg, drift og vedlikehald av kommunale bygg, vegar, VA anlegg og grøntanlegg.  

Giske kommune er i sterk vekst og arbeidsoppgåvene er omfattande og spennande. 

Det pågår for tida eit stort arbeid med kommuneplanen sin arealdel. Planleggaren er sentral i kommunen sitt tverrfaglege planforum og vil samarbeide med leiinga og politiske organ. 

Kommunen har eit sterkt fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering innan alle tenesteområde. 

I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga. 

Vi ber om at vitnemål vert lagt ved søknaden.  

Kvalifikasjoner:

  • Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
  • Relevant erfaring frå kommunalt eller anna planleggingsarbeid
  • Tydeleg fagleg engasjement og god arbeidskapasitet med fokus på heilskap og kvalitet
  • God digital kompetanse
  • God kjennskap til plan og bygningslov og GIS 
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • Den som blir tilsett bør ha sertifikat for bil 

Personlige egenskaper:

  • God på samarbeid og dialog.  
  • Fleksibel og løysingsorientert 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre

Vi tilbyr:

  • Utfordrande, varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver i eit godt fag- og arbeidsmiljø. 
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling 
  • Konkurransedyktig løn og fleksibel arbeidstid 
 

  • Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    11.03.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6541953
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune