Ledig stilling

Vestnes kommune

Arealplanleggar/saksbehandlar

Offentlig forvaltning

Stillingstype
Tekniske teneter har ledig 100 % fast stilling som arealplanleggar/saksbehandlar frå snarast.

Arbeidsstad
Tekniske tenester har ansvar for arealplanlegging, plan- og byggesaksbehandling, landbruks-/miljø-/vilt- og skogsaker, drift, forvaltning og nyanlegg av kommunale vegar, grøntområder og
avløpsanlegg/avløpsrensing, utbygging av bustadfelt og næringsområder, oppmåling, GIS
adressering, brann feiing og tilsyn.

Arbeidsoppgåver
Som arealplanleggar/saksbehandlar vil du utarbeide kommunale reguleringsplaner og saksbehandle private reguleringsplaner. Arbeidet inneber også vedlikehald av planregister og planbaser, veiledning og dialog med offentlege og private aktørar, anna saksbehandling og saksførebuing for politisk behandling. Du må rekne med å jobbe i nært samarbeid og bidra fagleg med andre innafor Tekniske tenester og sentraladministrasjonen.

Kvalifikasjonar
Utdanning frå høgskule/universitet innanfor relevant fagområde, minimum bachelor.
Anna relevant utdanning vil også bli vurdert
Erfaring frå kommunal/offentleg sektor er ønskjeleg
Det er ønskeleg med erfaring i bruk av GIS- programvare.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Sertifikat, klasse B
Personlege eigenskapar
Engasjert i det aktuelle fagområdet
Gode samarbeidsevner
Vere strukturert og nøyaktig
Kunne jobbe sjølvstendig og ha god kapasitet
Kunne ha god dialog med innbyggarar og andre
Personleg eignaheit vil bli lagt vekt på

Vi tilbyr
Stilling med eit viktig samfunnsoppdrag
Spennande faglege utfordringar
Fleksitidsordning
Triveleg og godt arbeidsmiljø
Lønn etter avtale

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar
Oppgi referansar

 
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV  i søknadsskjemaet.  Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentliggjort.