• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    08.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5651815
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 22.03.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gol kommune

Arealplanleggar, 100 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

100 % stilling blir ledig frå om lag 01.08.2024.

Gol kommune har ledig stilling som arealplanleggar. Stillinga er lagt til avdeling for Plan- og utvikling. Avdelinga har ei viktig rolle i å legge til rette for god samfunnsutvikling i kommunen og har i dag 10,3 årsverk på ulike fagfelt. Avdeling for Plan- og utvikling inngår i sektor for samfunn og utvikling saman med kommunalteknisk avdeling og eigedomsavdeling. Kommunen har ein enkel planstruktur med kommunedelplan for Gol tettstad og kommuneplan for resten av kommunen. Både kommuneplan og kommunedelplan er under revisjon. Gol er ein kommune i vekst og har styrka planfunksjonane. Søkjer du eit spennande og utfordrande arbeid i eit triveleg miljø, så er dette jobben for deg. Stillinga rapporterer til avdelingsleiar.

Arbeidsoppgåver:
• Saksbehandling av private planer
•Behandling av dispensasjonar
• Utbyggingsavtaler
• Fremje saker til politiske utval og følgje opp vedtak
• Utarbeiding av planer i eigen regi
• Vedlikehald av kommunens kartdatabaser og digitalt planarkiv

Kvalifikasjonar:
Krav:
• Høgare utdanning fortrinnsvis innanfor arealplanlegging eller samfunnsplanlegging med vekt på relevante planprosessar.
• Omfattende og relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning.
• Kjennskap til plan- og bygningsrett
• God norsk munnleg og skriftleg framstilling
• Førarkort klasse B

Vi ønsker at du:
• har juridisk kompetanse med vekt på plan- og bygningsrett
• er initiativrik, strukturert, resultatorientert og kan arbeide sjølvstendig
• er samarbeidsorientert med gode kommunikasjonsevner
• er analytisk og innovativ
• har erfaring og kan vise til utført oppgåveløysing som er relevant for stillinga
• har kjennskap til administrative og politiske prosesser i offentleg forvaltning
• har kjennskap til GIS - Geografiske informasjonssystem

Vi tilbyr:
• utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg miljø
• fagleg utvikling og oppdatering
• løn etter avtale
• god pensjonsordning
• hjelp til å skaffe bustad og ev. barnehageplass

For stillinga gjeld:
Tilsetjing etter gjeldande lover og avtaleverk

Anna:
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    08.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5651815
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
  • Oppdatert 22.03.2024
Stillingsannonse i Hallingdølen AS
  • Ditt lokale arbeidsmarked
  • Del annonsen i eget nettverk
  • Over 100.000 CVer registrert
  • Motta alle søknader ett sted
Legg ut jobbannonse