Bedrift
Hallingdølen ASSøknadsfrist
31.05.2019Stillingsfunksjon
LederstillingAnsettelsesform
workTime.HeltidBransje
Blader og tidsskrifterUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
PåkrevetØnsket Språk
norsk, nynorskAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
1765256Se her for andre jobber fra Hallingdølen AS
- Oppdatert 16.05.2019
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Hallingdølen AS
ANSVARLEG REDAKTØR
Blader og tidsskrifter
Hallingdølen er Hallingdals lokale mediehus, og er eitt av landets leiande i sitt slag. Hovudproduktet er framleis papirutgåva av Hallingdølen, men innhald blir og distribuert ut i alle digitale kanalar. Mediehuset har dessutan høg magasin- og bilagsproduksjon, i tillegg til å levere grafiske tenester av høg kvalitet til sine kundar. Dekningsområdet er hallingdalskommunane og Nore og Uvdal. Siste godkjende opplagstal var 9013 eksemplar (abonnement). Mediehuset har hovudkontor i Ål og har 34 tilsette, av dei 14 redaksjonelle medarbeidarar. Hallingdølen AS er eit konsernuavhengig og sjølvstendig medieselskap med lokalt tilknytta eigarar og god økonomi.
ANSVARLEG REDAKTØR
Stillinga som ansvarleg redaktør er no ledig.
Ansvarleg redaktør er øvste leiar i redaksjonen, og arbeider etter redaktørplakaten, tekstreklameplakaten og øvrige presseetiske retningsliner som gjeld for norske medier. Søkjarar må ha stor arbeidskapasitet og lyst, evne og motivasjon til å leie ein redaksjon i eit mediehus i ei digital endringstid.
Ansvarleg redaktør skal vera ein tydeleg og synleg leiar, og har saman med administrerande direktør ansvar for å nå mediehusets marknadsmessige og økonomiske målsettingar. Søkjarar må ha redaksjonell erfaring og god pressefagleg vurderingsevne.
Søknad sender ein til Hallingdølen as v/styret, Sundrevegen 79, 3570 Ål eller kvb@hallingdolen.no
Spørsmål om stillinga kan rettast til styreleiar Kjell Vidar Bergo tlf. 917 06 235.
Søknadsfrist: 31. mai 2019.
Bedrift
Hallingdølen ASSøknadsfrist
31.05.2019Stillingsfunksjon
LederstillingAnsettelsesform
workTime.HeltidBransje
Blader og tidsskrifterUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
PåkrevetØnsket Språk
norsk, nynorskAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
1765256Se her for andre jobber fra Hallingdølen AS
- Oppdatert 16.05.2019