• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    27.06.2021
  • Sted:
    SOGNDAL
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    SOGNDAL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3919396
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune

Anleggsgartnar

Sogndal kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det er ledig 100% fast stilling som anleggsgartnar / gartnar ved eininga Teknisk Drift.

 

I stillinga vil du ha ansvar for kartlegging av behov, og utføring av vedlikehald på alt grøntareal slik som plenar, busker og tre.

Stillinga ligg under Vegavdelinga og vil rapportera til grøntasvarleg som er anleggsgartnarmeister og landskapsingeniør.

 

Hovudområde til stillinga er heile Sogndal kommune.

 

Arbeidsoppgåver:

Ha oversikt over kommunen sine grøntareal, og drifte dei.

Kontrollplanar og kontrollar av leikeapparat

Inngå i vaktordninga på vintervedlikehald

Stillinga kan også få arbeidsoppgåver som til dømes skogrydding eller anna, av vegeininga. Det gjeld spesielt utanom vekstsesongen

Mindre, men naudsynte oppgraderingar av grøntanlegg

Organisere sesongarbeidarar

Stillinga vil ligge under formann på veg. Personalansvaret vil ligge hos avdelingsleiar på veg

Reiseverksemd: Tilsyn, kontrollar, drift og vedlikehald av grønt i heile Sogndal kommune

 

Kvalifikasjonar:

Fagbrev som anleggsgartnar eller utdanning som gartnar. Relevant erfaring kan erstatte formell utdanning

Ønskjeleg med erfaring frå vedlikehald av grøntanlegg

Må kunne handtere administrative IT-verktøy og office appar slik som Word, Excel, Teams etc.

Det er krav om førarkort klasse B. Det er ein fordel med førarkort klasse T og BE, samt maskinførarbevis

 

Personlege eigenskapar:

Imøtekommande og serviceinnstilt.

Evne til å prioritere oppgåver og jobbe sjølvstendig innanfor gitte rammer.

Fleksibel og løysningsorientert.

 

 Me tilbyr:

Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

Stor grad av påverknad på eigen arbeidskvardag

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Gode velferdsordningar

Løn etter avtaleverket

 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 
  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    27.06.2021
  • Sted:
    SOGNDAL
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    SOGNDAL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3919396
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune