Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vaksdal kommune

ALIS-lege

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vaksdal kommune søkjer etter ALIS-lege i 100% stilling med oppstart hausten 2022 etter nærare avtale.

ALIS-lege er ei utdanning- og fastlønsstilling på fastlegekontor med eit forløp på 5 år der legen får gjennomført ein LIS3 spesialisering i allmennmedisin

Arbeidsstad

Fastlegekontoret i Vaksdal kommune er på Dale i Heradshuset i eigne lokaler. Det er tre fastlegeheimlar ved kontoret der alle er spesialistar i allmennmedisin, i tillegg ein i samfunnsmedisin og ein i arbeidsmedisin. Det er lett å pendle både frå Voss og Bergen.

Arbeidsoppgåver

  • Kurativ legepraksis.
  • Ein må rekna med offentlege oppgåver som sjukeheim, helsestasjon eller tilsvarande.
  • Det må påreknast daglegevakt vanlegevis ein dag i veka, kan bli meir i feriar og liknande
  • Det er deltaking i interkommunal legevakt på Voss
  • Arbeidstid kvardagar frå kl. 08.30 – kl. 16.00. (Vaktdagar tilgjengeleg i kommunen frå 0800-1600)

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Lege med godkjenning som allmennlege eller lege under rettleiing med gjennomført LIS 1 innan oppstart
  • God klinisk vurderingsevne, engasjement og interesse for allmennmedisin
  • Kjennskap til norsk helsevesen
  • Naudsynt med førarkort klasse B
  • Gode evner til kommunikasjon, samt gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Politiattest må leggjast fram før tilsetjing, og referansar må leggjast ved søknad.

Det vert lagt vesentleg vekt på personlege eigenskapar og samarbeidsevner.

Vaksdal kommune kan tilby

  • Fastlegeliste ved oppstart 400 pasientar, aukande til 500.
  • Inntil ein dag i veka til administrasjon mm, heimekontor kan avtalast
  • Faglege og personlege utfordringar i eit travelt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Konkurransedyktige lønsvilkår. I tillegg får ein 20% av refusjonar/eigenandelar inntent i kurativt arbeid
  • Kommunen tilbyr rettleiing for legar i spesialisering i allmennmedisin. 
  • Gode ordningar for vidareutdanning som ledd i spesialisering

Kontaktinformasjon

For meir info kan du ta kontakt med fastlege/kommuneoverlege Ole Miltzow Thorseth

Tlf 95444540   Mail ole.thorseth@vaksdal.kommune.no

Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte. Har du ikkje søkt via EasyCruit i Vaksdal, må du opprette brukarnamn og passord.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04