• Företag
    Kvam Herad
  • Ansökningstiden
    17.09.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Fag- / Svennebrev
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5614, ÅLVIK
    KVAM
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5339378
  • Se här för andra jobb från Kvam Herad
  • Uppdaterad 03.09.2023
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Kvam Herad

Aktivitør/helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du vår nye kollega?

Me søkjer deg som er kreativ og vil ha meiningsfulle dagar på jobb i arbeid med eldre.

Ledig fast 70 % stilling for aktivitør/helsefagarbeidar frå snarast. Turnus med arbeid kvar 3. helg. Denne stillinga inneber arbeid både på dagsenter og i heimetenesta, for tida i Ålvik.

  • Kvam heimeteneste gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande frå Kjepso til Ljones. Tenesta er i utvikling og me har fokus på styrking av kapasitet og kompetanse for å møte nye utfordringar.
  • Målet er at det å bu i eigen heim skal vera eit reelt alternativ til tenester høgare oppe i omsorgstrappa.

Kvam heimeteneste er organisert under Tenester til heimebuande saman med korttidsavdelinga, hjelpemiddellager og dagaktivitetstilbod. Me har og eit nært samarbeid med andre grupper i pleie og omsorg.

Vil du vite meir om heimetenesta og dagtilboda følg desse lenkene: dagtilbod Kvam heimeteneste


Arbeidsoppgåver

  • Arbeid på dagsenter 3 dagar i veka der du har hovudansvar for drifta på dagsenteret
  • Pleie og omsorg og praktisk bistand i heimetenesta
  • Sikra dokumentasjon i elektronisk journalsystem

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev i aktivitørfaget eller autorisert helsefagarbeider. Dersom det ikkje søkjer fagarbeidarar kan andre med relevant utdanning/erfaring søkja.
  • Bidra til å halda høg fagleg kvalitet på tenestene våre
  • God norskkunnskap munnleg og skriftleg
  • Sertifikat kl B

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar frå tidlegare arbeidsgjevarar


Personlege eigenskapar

  • interesse for kreativt arbeid er nødvendig
  • du må kunne arbeida sjølvstendig
  • gode samarbeidsevner
  • gode kommunikasjonsevner
  • har god arbeidskapasitet
  • bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Variert arbeidskvardag
  • Stor grad av medverknad og planlegging av arbeidsdagen (dagsenter)
  • Godt samarbeid med gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar


Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.

Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

 

  • Företag
    Kvam Herad
  • Ansökningstiden
    17.09.2023
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Fag- / Svennebrev
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5614, ÅLVIK
    KVAM
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5339378
  • Se här för andra jobb från Kvam Herad
  • Uppdaterad 03.09.2023