Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
17.09.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Fag- / SvennebrevArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5614, ÅLVIK
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5339378Se her for andre jobber fra Kvam Herad
- Oppdatert 03.09.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kvam Herad
Aktivitør/helsefagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du vår nye kollega?
Me søkjer deg som er kreativ og vil ha meiningsfulle dagar på jobb i arbeid med eldre.
Ledig fast 70 % stilling for aktivitør/helsefagarbeidar frå snarast. Turnus med arbeid kvar 3. helg. Denne stillinga inneber arbeid både på dagsenter og i heimetenesta, for tida i Ålvik.
- Kvam heimeteneste gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande frå Kjepso til Ljones. Tenesta er i utvikling og me har fokus på styrking av kapasitet og kompetanse for å møte nye utfordringar.
- Målet er at det å bu i eigen heim skal vera eit reelt alternativ til tenester høgare oppe i omsorgstrappa.
Kvam heimeteneste er organisert under Tenester til heimebuande saman med korttidsavdelinga, hjelpemiddellager og dagaktivitetstilbod. Me har og eit nært samarbeid med andre grupper i pleie og omsorg.
Vil du vite meir om heimetenesta og dagtilboda følg desse lenkene: dagtilbod Kvam heimeteneste
Arbeidsoppgåver
- Arbeid på dagsenter 3 dagar i veka der du har hovudansvar for drifta på dagsenteret
- Pleie og omsorg og praktisk bistand i heimetenesta
- Sikra dokumentasjon i elektronisk journalsystem
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i aktivitørfaget eller autorisert helsefagarbeider. Dersom det ikkje søkjer fagarbeidarar kan andre med relevant utdanning/erfaring søkja.
- Bidra til å halda høg fagleg kvalitet på tenestene våre
- God norskkunnskap munnleg og skriftleg
- Sertifikat kl B
Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar frå tidlegare arbeidsgjevarar
Personlege eigenskapar
- interesse for kreativt arbeid er nødvendig
- du må kunne arbeida sjølvstendig
- gode samarbeidsevner
- gode kommunikasjonsevner
- har god arbeidskapasitet
- bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Variert arbeidskvardag
- Stor grad av medverknad og planlegging av arbeidsdagen (dagsenter)
- Godt samarbeid med gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.
Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
17.09.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Fag- / SvennebrevArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5614, ÅLVIK
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5339378Se her for andre jobber fra Kvam Herad
- Oppdatert 03.09.2023