Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
09.06.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6899, BALESTRAND
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5751953Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sogndal kommune
Aktivitør/assistent i Bu- og miljøtenesta Balestrand
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune yt tenester til menneske med ulike typar nedsett funksjonsevne. Pasient- og brukargrupper er personar med funksjonsnedsetting som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar personleg assistanse, opplæring i dagleglivet, tilrettelagde bustadar, dagtilbod og fritidstilbod.
Sogndal kommune har ledig 1 x 80% og 1 x 60% stilling som aktivitør eller assistent på Arbeidssenteret i Balestrand. Stillingane er ledig frå snarast.
Om stillingane
Oppgåvene er varierte og meiningsfulle. Du vil få ei sentral rolle i utforminga av dagaktivitetstilbodet slik at det til ei kvar tid er tilpassa tenestemottakarane sine behov.
Arbeidstidsordning: Dagtid, 37,5 t/v
Arbeidsoppgåver:
Aktivisere tenestemottakarar og delta i vidareutvikling av dagaktivitetstilbodet for personar med nedsett funksjonshemming.
Kvalifikasjonar:
- Aktivitør/assistent,
- Gode norskkunnskapar,
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Sjølvstendig, ansvarsbevisst
- Løysingsorientert
- Initiativrik
- Nytenkande
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
Spesielle vilkår for stillinga:
Den som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. Tuberkulinattest av ny dato
- Politiattest av ny dato
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
09.06.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6899, BALESTRAND
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5751953Se her for andre jobber fra Sogndal kommune