• Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    30.11.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Vestnes
    VESTNES
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3274497
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 13.11.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vestnes kommune

Aktivitør - 100 % stilling - Dagsenter Strandbo

Offentlig forvaltning

Det er ledig 100 % stilling for aktivitør ved Dagsenteret Strandbo.

Dagsenteret gir tilbod til 35 personar i kommunen.  Dei har tenestemottakarar med særs ulikt funksjonsnivå og derfor er aktivitetane også mangfoldig.

Dagsenteret Strandbo ligg i nærleiken av Vestnes sentrum.

Arbeidsoppgåver
- ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen
- utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk, dagsplaner, miljøreglar og 
  oppfølging av desse
- ivareta krav i høve dokumentasjon
- som aktivitør må du ha ei generelt god helse. Det er mange tunge løft i løpet av ein dag i samband med tenestemottakarane sine aktivitetar og omsorgsbehov
- utkjøring av mat

Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som er aktivitør med fagbrev:
- det er ønskeleg med kunnskap/erfaring frå arbeid med personar med psykisk utviklingshemming
- beherske målretta miljøarbeid og kunne legge til rette for ein aktiv kvardag utanfor heimen
- det er ønskjeleg med erfaring og kompetanse innan målretta miljøarbeidarbeid og handtering av utfordrande atferd
- datakunnskap
- relevant praksis
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er bestått norsk på nivå B2
- ha gode kommunikasjonsevne
- ha førarkort klasse B

Personlege eigenskapar
- du må være fagleg engasjert
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø

Vi tilbyr 
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- tilsette med relevant fagkompetanse og som har mindre enn 4 års ansiennitet får godkjent 4 års ansiennitet,
  begynnarløna vert med 4 års ansiennitet
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referanser
Oppgi referanser.

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrer din CV  i søknadsskjemaet.  Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentliggjort.
 

  • Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    30.11.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Vestnes
    VESTNES
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3274497
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 13.11.2020