Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
08.05.2024Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5703373Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
Vestnes kommune
Aktivitetskoordinator
Offentlig forvaltning
Ung sommar i Vestnes, verdas artigaste sommarjobb!
SMUD, Vestnes Frivilligsentral og biblioteket arrangerer Ung sommar iVestnes 2024 for barn og unge i Vestnes kommune. Vi utlyser 3-4 deltidsstillingar for ungdom i alderen 18-25 år. I denne sommarjobben får du vere med på mange kjekke aktivitetar, og du får vere med å planlegge og lage moro for barn og ungdom. Det er søkt om ekstern finansiering av dette prosjektet gjennom Gjensidigestiftelsen. Stillingane vert lyst ut med atterhald om at vi får innvilga i ekstern finansiering frå Gjensidigestiftelsen.
Som tilsett i Ung sommar iVestnes skal du ilag med oss planlegge og gjennomføre:
- Aktivitetsveke for ungdom 13-18 år (veke 26) Ei heil veke med ulike aktivitetar i og rundt Vestnes kommune (full arbeidsveke, dagtid)
- Open SMUD, ungdomsklubb 13-18 år og Barnas bibliotek 9-12 år (veke 27 og 28, arbeidstid: ca. 10.30-17.00, tysdag-torsdag)Open SMUD: bidra til trivsel og aktivitet på ungdomsklubben
- Barnas bibliotek: planlegge og gjennomføre aktivitetar for barn i biblioteket
I veke 25, 20.-21.juni, er det sett opp to arbeidsdagar for opplæring og planlegging.
Arbeidsoppgåver:
- Vere inkluderande og skape trivsel blant deltakarane
- Praktisk arbeid som matlaging, rydding ol.
- Planlegge, gjennomføre og delta på aktivitetar
- Ansvarleg og inkluderande
- Sjølvgåande og samarbeidsvillig
- Engasjert og har godt humør
Personlege eigenskaper vert sterkt vektlagd ved tilsetting.
Det er positivt om du har erfaring med å jobbe med barn og ungdom frå før.
Tilsette må levere godkjent politiattest og signere avtale om teieplikt.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgje referansar.
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju.
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
08.05.2024Ansettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5703373Se her for andre jobber fra Vestnes kommune