Ledig stilling

Øygarden kommune

Aktivitetskoordinator 100% mellombels

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Avdeling psykisk helse og rus i Øygarden kommune er delt inn i tre sonar. Tenestetilbodet består av rask psykisk helsehjelp, oppfølgingsteam i kvar sone samt eitt eige team som yter tenester på tvers av sonene til personar med rusutfordringar. I tilegg har vi psykiatribustader, bustader for personar med alvorleg psykisk lidingar og ruslidingar ( ROP) .

Utvida oppfølgingsteam er teamet som yter tenester til personar med ruslidingar. Den utlyste stillinga er knytt til dette teamet og skal ha fokus på fritid og aktivitet for vaksne med utfordringar knytt til rusmiddelbruk. Det å delta i aktivitetar og fritidstilbod vil kunne styrka rehabiliteringa og ikkje minst betre livskvaliteten. Å finne eit inkluderande og støttande miljø kan motverke følelsen av isolasjon og fremme kjensle av sosialt tilhøyrighet. Aktivitetstilboda bør vere ein integrert del av ei heilskapleg tilnærming i tenesta  som vert gitt, og på den måte skape eit saumlaust støttesystem for brukarane. Ein viktig del av jobben vert å finne gode tilbod som finns i kommunen og lage avtalar og system for samarbeid for å sikre brukargruppa sine interesser. Den tilsette skal kartleggje behov og ønskjer og leggje til rette for deltaking. Dette vil krevje tett samarbeid med frivilligheita i kommunen og det er ønskjeleg å sjå på moglegheita for å utvikle nye tilbod.

Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag i eitt spennande og godt miljø. Du får god nytte av din faglege kompetanse og der ein gjennom samarbeid med den einskilde, og aktuelle samarbeidsinstansar, kan tilby naudsynte og gode tenester.

Arbeidsoppgåver:
  • Finne og utforske passande aktivitetar i aktuelle nærmiljø
  • Kartleggje den enkeltes ønskjer
  • Leggje til rette for aktivitetar både individuelt og i grupper
  • Hjelpe brukar med ulike behov i forhald til å gjennomføre meiningsfull aktivitet
  • Koordinering av samarbeid med frivillege, offentlege og aktuelle andre aktørar
  • Nettverksarbeid
  • Medverke til kvalitetssikring av tilbodet
  • Utviklingsarbeid
  • Delta i samarbeidsmøter/ ansvarsgruppe
  • Journal- og dokumentasjonsansvar
Kvalifikasjonar:  Må ha:
  • Relevant utdanning på høgskulenivå med utdanning/ kunnskap / erfaring innan fysisk aktivitet
  • Erfaring frå arbeid innan rusfeltet
  • Erfaring frå arbeid med frivillige aktørar
  • Førarkort klasse B
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar :            
  • Du er kreativ 
  • God psykososial kompetanse
  • Strukturert og god på koordinering
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og gode samarbeidsevner
  • Stor grad av fleksibilitet og løysingsfokusert

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Anna:

fleksibel arbeidstid, det må påreknas noko arbeid på ettermiddag/kveld

Vikariatet er frå snarast og til 31.05.25

Vi tilbyr:
  • En spennande og lærerik arbeidshverdag
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:

Saritha Hovland – avdelingsleiar tlf 47649378

Therese Helgesen-einingsleiar      tlf 91529795

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.