• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    21.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4665169
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 11.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Aktivitets- og driftsansvarleg på utstyrsentralane BUA, 100% prosjektstilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig 100 % stilling som aktivitets- og driftsansvarleg på BUA Frekhaug og BUA Manger frå 15.august 2022. Stillinga er 1-årig prosjektstillinga med moglegheit for forlenging

Om avdelinga

Avdelinga Kulturutvikling, idrett og frivilligheit har ansvar innan mellom anna frivilligheit, idrett, friluftsliv, scene, kunst, musikk, kulturminnevern, tilskotsordningar og kulturbygg. 

Avdelinga har eit kultur-, idretts- og samfunnsutviklande fokus, med prosjektkompetanse og -kapasitet.  Dei tre frivilligsentralane er òg del av avdelinga, som vil ha eit omfattande samarbeid med frivillig sektor og vere ein kompetanseressurs for denne.  Avdelinga vil vere fagavdeling for kultur-, idrett- og frivilligheitsfaglege spørsmål i høve kommunale prosessar, men òg vere utviklande i høve det breie kulturfeltet. 

Arbeidsoppgåver

Ansvar for dagleg drift og utvikling av utstyrssentralane BUA Manger og Frekhaug

  • Ansvarleg for utlån og vedlikehald av utstyr
  • Rettleie og informere låntakarar
  • Kvalitetssikring og innkjøp av utstyr
  • Oppfølging, motivering og rekruttering av frivillige
  • Administrere sosiale media
  • Marknadsføring og synleggjering av BUA.
  • Vera i kontakt med skular, barnehagar og frivillige organisasjonar.
  • Følgje opp prosjekt og rapportere frå verksemda
  • Planlegge, arrangere og bidra på arrangement og aktivitetar i regi av BUA.
  • Noko av arbeidstida vert på ettermiddag/kveld, og ein må også pårekne noko  arbeid i   skuleferiar og helg.
  • Arbeidsstad vil vere på Manger og Frekhaug.

Kompetanse

Du har er relevant universitet eller høgskuleutdanning, dersom du har relevant erfaring kan det kompensere for relevant utdanning

Førarkort kl. B

Våre forventningar til deg

  • Evne til å lede og motivera frivillige medarbeidarar.
  • Gode kommunikasjons og samarbeidsevner
  • Har praktisk sans, er aktiv, ryddig og sporty
  • Interesse og kunnskap om sport og/eller friluftsaktivitet
  • Interesse og kunnskap for service, reparasjon - og vedlikehold av sport og/eller friluftsutstyr
  • Initiativrik, sjølvgåande og planmessig
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Gode datakunnskapar
  • Det er ønskjeleg med personleg erfaring frå sport og/eller friluftsaktivitet, samt kjennskap til utstyr

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande og spanande stilling, for heile Alver kommune
  • Hyggelege, kompetente og engasjerte arbeidskollegaar
  • Høve til å vere med å utvikle kulturtenestene og idrettstilboda i Alver kommune.
  • Sjølvstendige arbeidsoppgåver
  • Løn- og tilsetjingsvilkår etter lov - og avtaleverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP

Slik søker du

Høyrest dette interessant ut for deg? Send oss ein søknad gjennom rekrutteringssystemet vårt, EasyCruit. Fortel oss kort om motivasjonen din for å søkje stillinga og fyll ut CV, slik at vi får ei oversikt over din bakgrunn. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    21.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4665169
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 11.06.2022