Ledigt jobb

Kvam Herad i Brønnøysund

Administrav medarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Likar du å arbeida i eit aktivt og dynamisk miljø med ungdommar, lærarar, fagarbeidarar, miljøterettleiarar, leiing og foreldre tett på arbeidsoppgåvene? Då kan dette vera ein jobb for deg.

Kvam ungdomsskule er ein ungdomsskule med 250 elevar på 8.-10.trinn. Skulen har rektor og to avdelingsleiarar. Dei tilsette melder om triveleg miljø og høgt arbeidstempo, faglege engasjerte tilsette og kjekke elevar. Jobben vil innebæra ulike administrasjonsoppgåver, oppgåver innan digitale løysingar, sakshandsamingsprogram og vikararbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Faste og fortløpande administrative oppgåver ved skulen
  • Saksbehandling i Websak (inngåande/utgåande post)
  • Merkantile oppgåver innan m.a. innkjøp, skuleskyss, karakterutskrifter
  • Registrering i ulike fagsystem og ansvar for skulen sitt arkiv
  • Organisering av vikarar
  • Ta initiativ til og utvikla rutinar/skjema m.m.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskuleutdanning eller anna relevant utdanning, td. fagbrev innan kontor/administrasjon
  • Relevant praksis/erfaring innan kontor/administrasjon kan erstatta formalkompetanse
  • Svært gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg, nynorsk og bokmål
  • Søkjar må ha god kunnskap innan IKT, har interesse for, og lett kunne tileigna seg ny digital kompetanse
  • I tillegg vil me leggja vekt på kunnskap om servicetenester for ulike brukarar av skulen

Personlege eigenskapar

Me ønskjer oss ein lagspelar med godt humør og som:

  • er systematisk og har stor arbeidskapasitet
  • tek ansvar og jobbar sjølvstendig
  • trivast med ein hektisk skulekvardag med tilsette, ungdomar, føresette og samarbeidspartnarar
  • har evne til å jobba dynamisk og vera fleksibel med tanke på at kvardagane på skulen er ulike
  • er løysingsorientert og initiativrik
  • har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø ved Kvam ungdomsskule
  • Høve til å delta i administrativ utvikling av skulen sine system
  • Løn etter sentralt og lokalt lønnsystem
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ynskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.