Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
01.04.2022Ansettelsesform
workTime.Trainee (Heltid 12-24 mnd)Bransje
Økonomi, regnskap og revisjonUtdanningskrav
BachelorArbeidserfaring
Ikke påkrevetØnsket Språk
NorskAdresse
6893, VIK I SOGN
VIK
NorgeAndre arbeidssteder
Balestrand, VikAntall stillinger
1karriere-kode
4374241Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
- Oppdatert 02.02.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Framtidsfylket AS
Accountor søker trainee: Økonomi og rekneskap
Økonomi, regnskap og revisjon
Accountor Sogn søker trainee som diggar tal, rekneskap og rådgjeving
Accountor Sogn har drive med økonomi- og rekneskapstenester i meir enn 30 år og har kontor i Balestrand og i Vik. Me er for tida 8 tilsette – herav fem autoriserte rekneskapsførarar, og me har lang erfaring innan dei fleste fagområde innan økonomi.
Gjengen hos oss står på og trivst godt på jobb, og er dermed særs stabile og latteren sit laust. Det er også endringsdyktige folk som har fått oss gjennom det digitale skiftet på ein god og effektiv måte – noko som også viser att i resultata våre.
Me ser fram til å få ein trainee på laget, det må vera ein person som diggar tal og rekneskap og ikkje minst tilhøyrande rådgjeving, - og som elskar å prata med kundane våre om deira utfordringar.
Du vil veksle litt mellom Balestrand og Vik og få det beste Sogn kan bu på av natur og oppleving på begge sider av Sognefjorden.
Kompetansen vår, etter mange år i bransjen, er allsidig og strekker seg langt. Me er totalleverandør av rekneskaps- og rådgjevingstenester, og tilbyr effektive, fullt automatiserte, problemfrie og sikre løysingar for framtida – der kundane våre kan sjekka sitt skybaserte og løpande oppdaterte rekneskap når som helst på døgnet, berre dei har tilgang på nett.
Det er viktig for oss å vera ein god og lønsam samarbeidspart for kundane våre.
Lokal tilhøyrigheit og tilgjengelegheit er viktig for oss - Accountor Sogn er 100% lokaleigd. I tillegg har me ressursar og kompetansen til meir enn 2300 kollegaer i sju land med på laget sidan me er franchisetakar i Acoountor. Sjå accountor.no
Du er velkommen på laget!
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Du må forstå og kunne kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap
Som Framtidsfylket Trainee får du:
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2022 til august 2023.
Her har vi svart på ofte stilte spørsmål om trainee.
Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
01.04.2022Ansettelsesform
workTime.Trainee (Heltid 12-24 mnd)Bransje
Økonomi, regnskap og revisjonUtdanningskrav
BachelorArbeidserfaring
Ikke påkrevetØnsket Språk
NorskAdresse
6893, VIK I SOGN
VIK
NorgeAndre arbeidssteder
Balestrand, VikAntall stillinger
1karriere-kode
4374241Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
- Oppdatert 02.02.2022