Detaljer

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    01.12.2020
  • Sted:
    Balestrand
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Balestrand
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3273601
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune

77 % fast stilling vernepleiar/miljøterapeut

Sogndal kommune har ledig 77 % fast stiling som vernepleiar/miljøterapeut med moglegheit for 23 % vikariat i ein periode framover. Stillinga er ledig snarast.

Langvakter i turnus med moglegheit for pendlarbustad.

Bu og miljøtenesta Sogndal kommune yter tenester til menneske med ulike typar nedsett funksjonsevne. Pasient- og brukargrupper er personar med funksjonsnedsetting som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar personleg assistanse, opplæring i dagleglivet, tilrettelagde bustadar, dagtilbod og tenestetilbod.

 

Arbeidsoppgåver

Miljøretta miljøarbeid i brukar sin heim.

Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til vekst og utvikling. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukar, pårørande og kollegaer internt og eksternt.

 

Krav til kompetanse 

- 3- årig helsefagleg utdanning som vernepleiar

- 3- årig helse og sosialfagleg utdanning

 

Krav til søkjar:

- Praksis frå denne type arbeid

- Evne til å motivera og engasjere

- Stor arbeidskapasitet og evne til å jobbe sjølvstendig og effektivt

- Initativrik, fleksibel og gode samarbeidsevner

- Løysningsorientert og stor interesse for fagfeltet

- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

- Må beherske norsk skriftleg og munnleg

- Du må ha førarkort klasse B

 

Spesielle vilkår for stillinga

Det som vert tilsett må leggje fram:

- Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.

- Politiattest av ny dato.

          

Vi tilbyr

Eit godt arbeidsmiljø, ein spennande og god arbeidsplass med mange flinke og engasjerte medarbeidarar, spennande oppgåver der det dagleg vert jobba med systematisk kvalitetsutvikling og tenesteproduksjon, for å skapa ein god kvardag for våre brukarar.

Løn etter tariff.

 Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar, i tillegg til gode helse- og trivselsfremjande tiltak for sine tilsette.

 - Variert arbeid i positive miljø.

- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson.

- Tilsetjing etter kommunalt avtaleverk.

- Gode pensjons- og forsikringsordningar.

- Treningstilbod for tilsette.