Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
24.10.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4140301Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 07.10.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ål Kommune
50 % fast stilling i oppsøkjande team
Offentlig forvaltning
Er du opptatt av førebyggjande arbeid, kvardagsmeistring, velferdsteknologiske løysingar, demensomsorg og alderspykiatri?
Då har vi ledig 50 % stilling i Oppsøkjande team. Stillinga kan kombinerast med andre stillingar i kommunen.
Ål kommune oppretta Oppsøkande team i 2010. Teamet er tverrfagleg og har til saman 100 % stilling. Stillinga er lagt til avdeling Ergo / fysio. Me er ei verksemd i utvikling og som ønskjer at våre innbyggjarar skal ha ei dør inn til våre tenester der me er på lag med brukaren om målretta tenester som hjelper den enkelte til å meistre hvardagen. I løpet av 2022 blir me ein del av avdeling meistring.
Teamet har 3 ulike arbeidsoppgåver
- Førebyggjande heimebesøk til eldre i kommunen over 80 år.
- Kartleggingsbesøk på bestilling frå tildelingsteamet
- Demensutgreiingar
Du kan lese meir om avdelinga og teamet her.
Kvalifikasjonar
- autorisert sjukepleier eller helse- og/eller sosialfagleg utdanning på bachelornivå.
- ønskjeleg med kartleggingskompetanse og gjerne vidareutdanning innan demens og alderspsykiatri
- interesse for velferdsteknologiske løysinga
- førarkort i klasse B
Personlege eigenskapar
- du har engasjement for faget og brukargruppa
- du er positiv, løysningsorientert og fleksibel
- du kommuniserer godt med brukarar, deira pårørande og samarbeidspartar
- du ser den enkelte sine ressursar og potensiale, og motiverer for meistring og eigenomsorg
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar
Me tilbyr
- godt arbeidsmiljø med erfarne, trygge og kunnskapsrike kollegaer
- arbeidsplan/turnus med lite ubekvem arbeidstid
- eit godt etablert tverrfagleg miljø og gode system for samarbeid med andre
- internundervisning, fagleg utvikling og rettleiing
- full barnehagedekning i kommunen
- hjelp til å skaffe bustad
- lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk
- pensjonsordning i KLP
Politiattest
For å få tiltre stillinga etter tilsettinga, må du levere gyldig politiattest som er nyare enn tre månader.
Send søknad
Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar".
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt i søknaden.
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
24.10.2021Ansettelsesform
workTime.DagBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4140301Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 07.10.2021