Företag
Framtidsfylket ASAnsökningstiden
15.03.2021Arbetsfunktion
TraineeAnställningsform
workTime.Trainee (Heltid 12-24 mnd)Bransch
IT, telekommunikasjon og internettUtbildningskrav
ØnskeligArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAndra arbetsplatser
SunnfjordAntal befattningar
2Karriere-kod
3384566Se här för andra jobb från Framtidsfylket AS
- Uppdaterad 17.03.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Framtidsfylket AS
BKK søker 2 traineear: Utvikling og dataflyt
IT, telekommunikasjon og internett
BKK Nett fusjonerte med Sunnfjord Energi i 2019, og med utgangspunkt i kompetansemiljøet i Førde vil selskapet styrke si satsing innan digitalisering. Vi søker difor
2 traineear innan utvikling og dataflyt
Har du lyst til å jobbe i eit ungt arbeidsmiljø, med spennande oppgåver innan dataanalyse, integrasjonsarbeid, programmering, statistikk, teknologi og digitalisering?
Her kan du sjå film om Helene og Stig, våre tidlegare trainear
BKK Nett er eit framtidsretta nettselskap med fokus på å bli meir datadrevet. BKK Nett har investert i digitale straummålarar og skal i dei neste åra investere endå meir i sensorikk for å kunne nytte dei store mengdene med data til å predikere vedlikehalds- og investeringsbehov i framtidas nett-infrastruktur. Vi tilbyr difor spennande oppgåver innan dataanalyse, integrasjonsarbeid, programmering, statistikk, teknologi og digitalisering. Stillingane vil inngå i enheten Digitale Tjenester i BKK Nett.
Kven er du?
- Du er nysgjerrig og lærevillig, og blir gira av utfordringar
- Du er ein lagspelar som likar å jobbe på fleire fagfelt og er opptatt av å sjå resultat
- Du tek initiativ, har stå-på vilje og eit godt humør
- Du er sjølvstendig, strukturert og analytisk, med gode kommunikasjonsevner
Følgande kompetanse er ein fordel, men ikkje eit krav:
- Erfaring med å strukturere og analysere store datasett frå ulike kjelder
- Kunnskap innan backend programmering
- Erfaring med C#, Python eller SQL
- Kunnskap om bruk av API, React eller PowerBI
- Du har bakgrunn innan elkraft, IKT, datateknologi, informatikk, statistikk/matematikk, data science, robotikk/kybernetikk eller tilsvarande
BKK AS har etablert Azure som skyløysing.
Arbeidsoppgåver
Som trainee vil du
- Jobbe tett opp mot andre avdelingar i selskapet og leverandørar på fagsystem
- Være med å bygge opp og utvikle kompetansegruppe innanfor digitalisering
- Jobbe i eit tverrfagleg team der ein vil jobbe med utvikling av eksisterande/nye system og digitale verktøy
- Jobbe med integrasjonsgrensesnitt mellom fagsystema
- Analysere og predikere data for effektivisering og forbetring av den dagleg drifta
Som trainee i BKK Nett, avd. Førde vil du vere ein sentral del av selskapet si satsing, og ta aktivt del i den vidare utviklinga. I BKK Nett har vi eit ungt arbeidsmiljø med mange nytilsette dei siste åra, og ulike aktivitetar og samlingar gjennom året er med å skape ei positiv og god lagånd på jobben. Etter fusjonen har mange tilsette frå Sunnfjord Energi fått utfordrande leiarjobbar i BKK-konsernet, og fleire av desse starta karriera si som trainee i Sunnfjord Energi gjennom Framtidsfylket si traineeordning.
Vi tilbyr deg
- Oppfølging av eigen mentor
- Spennande arbeidsoppgåver med stort potensiale for personleg utvikling
- Gode moglegheiter for kurs og vidareutdanning
- Høg gøy-faktor på traineesamlingar og på jobben
- Høve til å søke på faste stillingar i BKK i vår “indre arbeidsmarknad”
- Eit sosialt miljø med engasjerte medarbeidarar som driv på med ulike aktivitetar og samlingar gjennom året
- Eige trimrom på arbeidsplassen samt tilgang til bedriftshytter på fjellet og ved sjøen
Som Framtidsfylket Trainee får du
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv i vår region
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur saman med dei andre traineeane i ordninga
Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
- Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg
Dersom du kan være med å drive selskapet si utvikling vidare innan data-utnytting og digitalisering, og følgjer med på teknologiutviklinga er kanskje dette jobben for deg? Vær med og skap framtidas største og beste nettselskap på Vestlandet.
Spørsmål? Ring seksjonsleiar Tony Kiil, tlf. 91727185 for ein hyggeleg prat. Vi gleder oss til å høyre frå deg!
tony.kiil@bkk.no
Område: Sunnfjord
Tilsetting: August 2021 til august 2022.
Företag
Framtidsfylket ASAnsökningstiden
15.03.2021Arbetsfunktion
TraineeAnställningsform
workTime.Trainee (Heltid 12-24 mnd)Bransch
IT, telekommunikasjon og internettUtbildningskrav
ØnskeligArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAndra arbetsplatser
SunnfjordAntal befattningar
2Karriere-kod
3384566Se här för andra jobb från Framtidsfylket AS
- Uppdaterad 17.03.2021