• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    07.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5651942
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 22.03.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

2 Familiekoordinatorar i 100% prosjektstillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.  

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.  

NAV Øygarden   

NAV Øygarden er ein spanande og utviklande arbeidsplass med om lag 90 tilsette fordelt på fire avdelingar. Vi held til i eit  moderne lokale sentralt på Straume. 

NAV Øygarden har fått midlar frå Statsforvalterne til å starte opp  utviklingsprosjektet FamiliePluss. Gjennom prosjektperioden skal det utviklast ein oppfølgingsmodell som skal gje heilskapleg og koordinert oppfølging av familiar i vedvarande låginntekt som har samansette behov. Målet er at færre born skal vekse opp i fattigdom. 

I starten av prosjektet vil familiekoordinatorane utarbeide rutinar for kartlegging og inntak i prosjektet. Tilbodet skal også gjerast kjent for aktuelle tenester i Øygarden Kommune. Det er forventa at familiekoordinator skal følge opp inntil 10 familiar til ei kvar tid. 

Prosjektstillingane  vil bli plassert i Avdeling Service og Velferd som mellom anna har ansvar for tenester etter sosialtenestelova. 

Arbeidsoppgåver:  
  • Koordinere innsatsen inn mot alle medlemmar av familien- foreldre og born 

  • Systematisk kartlegge livssituasjon, helse og livskvalitet  

  • Utarbeide tiltaksplan basert på familiens samla behov 

  • Gje tett oppfølging over tid 

  • Kople på andre tenester og tilbod i frivilligheita basert på familiens behov 

  • Relasjonelt samarbeid opp mot andre tenester og aktørar rundt familien 

Kvalifikasjonar:   

Må ha:  

  • Høgskule eller universitetsutdanning på minimum bachelornivå innan sosial arbeid eller helsefag 

  • Du må ha erfaring med tett oppfølging  og/eller rettleiing av målgruppa (born, vaksne) 

  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og nettverksjobbing 

Ønskjeleg med:  
  • Vidareutdanning innan relasjonelt arbeid som til dømes familieterapeut 

  • God kjennskap til kommunale tenester, spesielt born og familietenester 

Personlege eigenskapar: 
  • Svært gode relasjons- og kommunikasjonsferdigheiter opp mot målgruppa 

  • Du har gode samarbeidsevner

  • Gode evner til å jobbe sjølvstendig og i team 

Anna:  
  • Det er naudsynt med førarkort kl B 

  • Prosjektstillingane lysast for eit år med moglegheit for lenging inntil 3 år. 

Vi tilbyr: 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  

  • IA-bedrift  

  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer  

  • Interessante utfordringar  

  • Høve til fagleg og personleg utvikling  

Kontakt:  

Avdelingsleiar Lin-Toril Fjelde  mail: Lin.torill.fjelde@nav.no  Tlf : 992 12 951 

NAV leiar Nina-Susanne Andersen mail: nina.andersen@nav.no Tlf : 971 69 980 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. 

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    07.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5651942
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 22.03.2024