• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    16.01.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4761512
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 18.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Aukra kommune

100 % fast stilling Spesialsjukepleiar - psykisk helse og rus

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

100 % fast stilling som spesialsjukepleiar – psykisk helse og rus

Aukra kommune finn du i Møre og Romsdal. Det er ein liten kommune med om lag 3500 innbyggjarar. Kommunen består av både fastland og øy, og ein kjem seg til øya etter ein ferjetur på 10 minutt. Næraste by er Molde, som ligg 30 minutt frå øya Gossen der om lag 2/3 av innbyggarane i kommunen bur. Aukra kommune har gassanlegg (Ormen Lange), fiskeforedling og industri som hovudnæringar i tillegg til kommunale arbeidsplassar. Kommunen ligg i naturskjønne omgjevnadar med nærleik til fjord og fjell. Kommunen har nye bygningar som skolar, barnehagar og omsorgssenter. Nytt kulturhus er akkurat opna. Pleie og omsorg har nytt omsorgssenter som sto ferdig i 2018, og heimesjukepleia har base i senteret.


I samband med mottak av flyktningar ønskjer Aukra kommune å styrke tenesta med ei fast 100 % stilling for sjukepleiar med relevant vidareutdanning. Den som vert tilsett i stillinga skal vere med å styrke og vidareutvikle eit allereie godt tenestetilbod, då ein ser ei auke i behov grunna stor auke i talet på innbyggarar.


Om eininga/avdelinga
Tenester for heimebuande har ansvar for heimesjukepleie og heimehjelp, tenesta psykisk helse og rus, samt dagsentertilbod for eldre og yngre innbyggarar i kommunen. Stillinga som spesialsjukepleiar skal følgje opp ungdommar og vaksne med psykisk helse og rus utfordringar.


Tenesta har tett samarbeid med andre einingar i kommunen og spesialisthelsetenesta. Arbeidsoppgåvene er oppfølging på individuelt- og gruppenivå, familiearbeid, informasjons-/ kunnskapsformidling, rettleiing og noko planarbeid.
Stillinga kjem i tillegg til 2 x 100 % faste stillingar som psykiatrisk sjukepleiar i tenesta psykisk helse og rus. I tillegg har tenesta ei 100 % miljøterapeutsstilling som har individuell oppfølging til aktivitet og i heim som hovudområde. Tenesta har òg ein miljøarbeidar som står for drifta av lavterskeltilbod. Stillinga som spesialsjukepleiar er i hovudsak dagarbeid, men den som får tilbod om stillinga må vere fleksibel, og rekne med noko arbeid på ettermiddag/kveld når situasjonar krev det.


Er du spesialsjukepleiar eller har du høgskoleutdanning innan helse- eller sosialfag med relevant vidareutdanning, og har lyst å styrke og delta i utvikling av tenester i Aukra kommune? Då kan dette vere ei spanande utfordring, og vi oppfordrar deg til å søkje.


Krav til søkjar
Sjukepleiar med autorisasjon eller anna 3- årig helse- og sosialfagleg utdanning på høgskolenivå
Relevant vidareutdanning
Erfaring frå klinisk arbeid
Fordel med erfaring frå flyktningfeltet
God på kommunikasjon og samhandling
Godkjent politiattest
Sertifikat klasse B
Digital kompetanse
Godt munnleg og skriftleg språk (nynorsk)
Fleirspråkleg er ein fordel
Personleg eigna for stillinga
Fleksibel i tenesta

Kompetanseheving
Tilbod om deltaking på kurs
Tilgang på e-læringskurs
Støtte til etter- og vidareutdanning som kommunen etterspør

Vi tilbyr
Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
Løn etter tariff
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    16.01.2023
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4761512
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 18.11.2022