Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
15.09.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5859039Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 30.08.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Ål Kommune
100% stilling som konsulent Servicetenesta
Offentlig forvaltning
Ål kommune avd. Servicetenester treng ein person til på laget!
Avd .Servicetenester har ei sentral rolle i kommunen med Servicetorg, arkiv og politisk sekretariat. Me er eit team på 8 tilsette med stort engasjement. Me er på jakt etter ein engasjert, fleksibel og positiv medarbeidar som ynskjer å bidra til gje både innbyggjarar, administrasjonen og politikarane tenester av topp kvalitet.
Arbeidsoppgåver kan vera:
- sakshandsaming innanfor avdelinga sitt ansvarsområde
- politisk sekretær
- rettleiing av publikum
- oppgåver knytt til arkivtenesta
- informasjonsarbeid ved bruk av digitale media.
Me ynskjer at du som søkjer har:
- fagbrev innan kontorfaget eller høgare relevant utdanning på bachelornivå
- relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- kompetanse innan sakshandsaming
- kjennskap eller erfaring innan offentleg verksemd
- gode IT-kunnskapar.
Personlege eigenskapar:
- svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- du er ansvarsbevisst og fleksibel
- har evne til å kunne arbeide både sjølvstendig og i team
- du kan samarbeide på tvers av stillingar og nivåar i organisasjonen
- du er strukturert og nøyaktig
- har godt humør og viser stor grad av serviceinnstilling
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar hjå søkjarane til denne stillinga.
Me tilbyr:
- jobb i ein utviklingsorientert kommune med gode tilbod for innbyggjarane
- varierte arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø prega av humør og arbeidsglede
- løn etter tariffavtale og innmelding i KLP
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Søknad
- intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
- søknadspapir vil ikkje bli returnert. Aktuelle søkjarar må vere budd på å ettersende kopiar av attestar og vitnemål
Velkomen hjå oss som søkjar!
Bedrift
Ål KommuneSøknadsfrist
15.09.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3570, ÅL
ÅL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5859039Se her for andre jobber fra Ål Kommune
- Oppdatert 30.08.2024